Drevjaboka

Dikt om Drevja | Arbeidet på garden | FisketHusbygging | Vi fer til kjerkaJul i gamle dagar | Hvem eide jorda?Fattig-folk |

 

FORORD
Det meste i denne boka bygger, som lesaren vil sjå, på munnleg tradisjon. Det er helst det far min fortalde, eg stør meg til. Elles er det mange andre som har hjelpt meg med opplysningar og oppteikningar. Det ville føre for langt å nemna alle her, men min beste takk skal dei ha alle i hop.

Når det gjeld gardssoga, som og berre er bygd på tradisjonen, kan det sjølvsagt vera eit eller anna mistak. Eg bed om orsaking, har eg gjort nokon urett. Some hermingar kan kanskje høyrast grove og krasse ut, men skulle ein skriva dei om og gjera dei “finare”, ville dei tapa både i form og farge.

Noko av det som står i denne boka har eg skreve for mange år sidan, og somt av det har vore prenta før som stykke i julehefte eller lokalblada.

Tanken på å få denne boka prenta kom for ålvor opp etter at eg for eit par år sidan kom i samband med det nyskipa Vefsn Historielag. Formannen i historielaget, Reidar Svare, tok på seg arbeidet med å få boka ut. For dette og for arbeidet hans med gjenomgåinga av manuskriptet, tilskipinga og korrekturlesinga takkar eg han på det beste.

Eg må elles takka Geo. Myrmo og bror min, Henry Holand i USA for beinveges pengestønad. Dei har gjeve kr 1000.00 til dette boktiltaket. Elles takkar eg Vefsn Historielag og forleggjaren, Joh. Petersen, Mosjøen, for velvilje og stønad. Ingeniør Arnulf Raae takkar eg for arbeidet hans med kartskissa over Holandssjøen og Nordland Boktrykkeri AS, Bodø, skal ha takk for velvilje og godt arbeid.

Snauvika, april 1948.
Gunnar Holand

Utgjevinga av denne boka fell i tråd med den oppgåva Vefsn Historielag har sett seg. I lovene for laget står det m. a. at laget skal “gje ut skrifter o. l. og der samla bygde-, byhistorisk og ættehistorisk vyrke og tradisjon”. – Dette er då første opptaket laget gjer for å fylla denne oppgåva.

Det er eit stort og oppofrande arbeid Gunnar Holand har lagt ned i denne boka. Stor takk skal han ha for det.

Nokre få opplysningar om bokskrivaren trur vi vil vera av interesse for lesarane: Gunnar Holand er no ein aldrug mann, nær dei sytti. Helsa hans har det vore skralt med. Følgjone av ein sjukdom i barneåra vann han aldri over. I ungdomsåra gjekk han på Vefsn Folkehøgskule og sidan ein vinter på folkehøgskulen i Ørsta, der Andreas Austlid var styrar. Gunnar Holand dreiv i mange år handel i Holandsvika. Etter han slutta med det for nokre år sidan har han sysla med skrivearbeid. Det er å vona at han må få krefter til å halde fram med dette arbeidet enno i mange år. – Det er vel ingen nolevande i Vefsn-bygdene som sit inne med så mykje munnleg tradisjon som Gunnar Holand. Det han har samla og lagt fram i denne boka er eit stykke verdfull bygdesoga som han har berga frå gløymsla for ettertida.

Elles kunne det vera somt å seia om denne boka til rettleiing for lesarane. Vi har med vilje gjeve bygdemålet stort rom. På den måten har det vorte litt vingling i formene. Bygdemålsforma ”gamel” er nytta jamsides normalforma ”gamal”. Det same er tilfelle med ”fard” og ”ferd”. Desse og andre inkonsekvensar må vi be lesarane orsaka. I bygdemålsprøvene har vi freista å få målet så reint og opphavleg som råd er. Vi nyttar såleis gamle former og ord som no for det meste er avløyste av låneord utanifrå og frå bokspråket. Vi nemner nokre slike ord: ”Mjålk” (no melk eller mjølk) ”tenar” og å ”tena” (no tjenar og tjena)) sette (no sjette av seks) ”horkjen” (no ”verken”). Elles er dei gamle dativ-formene, som no blir meir og meir sjeldne, nytta. Tjukk (kakuminal) ”l” er skriven anten som ”l” (i ord som stol, sol, Ola o. l.) eller som ”rd” (i ord som fard, ord, stein-ord, børda o. l.).

Anders Svare har hjelpt til med korrekturlesinga. Han har og skrive merknadene til stadnamna i Drevja (bakerst i boka). Vi takkar han for dette.

For Vefsn Historielag
Reidar Svare

 

Dikt om Drevja
Eg ser deg Drevja, bygda mi,
Ein kveld du ligg og kviler
I solgangsbris med gull i li
Og alt i kring deg smiler.
Du er kje rik, du er kje stor,
Men hjarta ditt er godt.
Du var for oss ei kjærlig mor,
Av deg vil alt har fått.

Eg ser deg og ein sommardag
I travle slåtte-onna,
Når ljåen syng frå arbeidslag –
Med lått og styr frå bonna.
Så ser eg kornet gult på staur –
Det kjæraste vi har.
Om smått det vaks i magre aur,
Det liv og berging var.

Så ser eg deg ein vinterdag
Med snø og rim kring panna,
Og kvite stivna andletsdrag-
Slik nóll du knapt kan anda.
Eg høyrer kvasse øksa let
Og brak av tre, som fell.
Det er som skog og lier gret –
Det livet deira gjeld.

Eg høyrer sirkelsaga kvin,
Og dur frå benk og reimar.
Det blanke stål i stokken skin,
Og motorhesten eimar.
Slik driv dei på frå haust til vår
I kamp for seg og sine.
Og same slit og same kår,
Det hadde alle dine.

Så lovar vi å hjelpe til
I trugne arbeidsdagar.
Når berre alle saman vil,
Då snart det nok seg lagar.
Så minnest eg de gale ord,
Om Han som alt kan trygda,
Og ynskjer så i samla kor:
Gud signe Drevja-bygda.

ARBEIDET PÅ GARDEN
Kva dreiv folk med i gamle dagar? Pålag det same som dei gjer i dag. Jordbruket var viktigaste næringsvegen, så kom fiske og jakt, og deretter skogdrift, og det som hang i hop med den.

Jordbruket
Å dyrka korn var overlag viktig for dei gamle. Vart det frost eller uår på kornet, galdt det livet. Kornet kalla dei gudslån, og dei såg vel etter, at ikkje eit auga gjekk til spille. Det var seint og tungsamt å leggja opp land, for dei hadde ikkje anna reidskap enn hakka og spade, og dei gamle spadane var ikkje rare greior. Men når dei først hadde brote landet, bruka dei nok plog, når dei sidan snudde jorda.

Eg minnest det var ein treplog heime. Det einaste som var jarn i, var ristelen, og så var skjeret fora med jarn. Far hadde pløyt med den, og han tykte ikkje han var så verst.

Spaden var frå først av berre ei reka, som det var sett ei foring på, men sidan vart heile bladet av jarn.

Dei dyrka bygg, havre og litt nepa. Sidan – kring 1800-talet – potetes og litt rug. Det var ikkje vanleg fornepa dei dyrka i gamle dagar, det var eit slags sukkernepa, som dei bruka til mat.

Eg minnest at det på eit ut-enge var små flekker på storleik som ei hustoft, som dei hadde dyrka eller snudd med ein gong. Og eg spurde far kor det høvde. Han kunne fortelja at det var nepa dei gamle hadde havt der. Far trudde elles at når dei hadde neplanda sine på slike bortgøymde stader, var det for å berga dei for ungane og andre som for og snautra. Turnips vart ikkje dyrka her før kring 1870.

Så seint som kring 1840 var potetes lite i bruk i Drevja. Far min, som var fødd i 1834, kunne minnast at dei fekk ikkje meir potetes enn det låg i bark-karet hans bestefar. Det stod på loftsvalen, for kjellar hadde dei ikkje. Dei gamle hadde ei inngrodd mistru til alt nytt, og kanskje serleg til potetesen. Far fortalde at bestemor hans åtvara han mot å eta potetes.

  • Vøl ikkje danæ gras bal’ n, ta de heller ein brømole, sa ho.

Korleis ville kosthaldet ha vore i dag, hadde vi ikkje hatt potetes?

Endå om dei hadde dårlege reidskap til å dyrka jorda med, så avla dei etter måten, mykje korn. Bur hadde dei på kvar gard, og dei var serleg for å lagra korn i. Dei fleste hadde såpass på lager, at dei kunne ha såkorn for to år, om det skulle bli eit uår.

At det vart alt for lite såkorn i krigs- og nødsåra, og serleg i 1812, er ei sak for seg, og var sjølsagt eit unnatak frå regelen.

Kring 1850 kom dei første jarnplogane i bruk. Dei seier at den første her i Drevja, som fekk eit slikt reidskap, var Mattis Persson Drevland. Plogane vart sjølsagt først bruka sør i landet, og det er truleg at dei kom frå Trondheim til Bjørnsmartnan, og vart selde der. Det er rimeleg å tru, at den som arbeidde Drevlandsplogen var Hans Jonsson Stuvland. Det var ein uvanleg glygg og dugande smed. Hadde han sett noko, så sat det fast i minnet.

Den andre plogen fekk Nils Straum (Mo-Nils). Han var laga av Hans Jonsson i 1854.

Det ser ut til at Mattis Persson Drevland har vore ein av dei første, som har rådd seg moderne jordbruksreidskap, for han var og den første, som fekk seg trøskarmaskina. Det var den gamle sorten, der alt var laga av tre, men piskar-hjulet og botnet var jarnslege. Dei var mykje i bruk her i bygda heilt til 1890-åra. – Eg har høyrt sagt at maskina var laga i Bjørnådalen. – Some meinte det var ein finlending, som var dreng hos Peder Kristian Alsgård (far til den kjende A. P. Alsgård, som var med i alt styr og stell i Vefsn ein menneskealder), som hadde hatt kunsten med seg frå Finnland. Han laga den første maskina, og så hadde då andre laga etter same maksel. Her i Drevja laga Ola Andersson Smalburem slike maskinor. – To av dei er no på Vefsn bygdesamling, men det skal enno vera ei i Drevja. Mattis Persson hadde og hest-vandring til å driva maskina med, den første i bygda.

Med jarnplogen tok dyrkinga av jorda eit veldig framsteg, og ein kan trygt seia at det ikkje er noko reidskap som har vore til så stor nytte for bonden som jarnplogen. Hans Jonsson, som sidan flytta til husmanns-setet Nermoen, laga mange slike plogar. Men det var ein annan smed , Ola Nilsson Nyland, som gjorde desse plogane endå meir kjende. Han arbeidde kring 1870 på tylvtevis av det slaget. Dei vart selde mykje ute på øyane, og dei gjekk under namnet Ol’-Nilsso-plogar. (Vi skal sidan høyra litt meir om desse to mennene. Både Hans Jonsso og Ola Nilsson var framståande menn i bygda).

Dei gamle treplogane var nok bra til å rota i det som før hadde vore snudd, men til å pløya nyland med dugde dei dårleg. Fylgja av det vart, at det gjekk seint med oppdyrkinga, og det vart mest rota i dei gamle åkrane. Når ein så veit at korndyrkinga var overlag viktig den gongen, vil ein skyna at dei måtte så år etter år i dei same åkrane, som sjølsagt vart utpinte og fulle av ugras. Ein kan ikkje venta at avlinga kunne bli serleg stor.

Etter 1850 gjorde derfor jorddyrkinga eit veldig framsteg. På den tida kom dei første jordbruksskulane i gang, og dei som gjekk i der, lærde mykje nytt, som smått om senn spreidde seg ut over bygdene.

Den første som gjekk på jordbruksskule i Drevja, var Hans N. Holand. Det var i 1860, og same året gjekk Jakob Hansson Bjørnåli frå Vefsn. Skulen var då i Bodø, og Andr. Schult, som sidan vart godsforvaltar for dei Angellske stiftelser, var skulestyrar.

Eg har sett noko av dei stilbøkene og teiknebøkene far hadde med heim, og det var slett ikkje så lite dei lærde. Skulen var toårig, og det var då som no, at det var ikkje berre teori dei lærde. Dei måtte vera med i det praktiske arbeidet – ute på marka og i fjøs og låve. Dertil var det opplæring både i snikring og i smedarbeid. Eg hugsar han hadde ei storvora teikning av ei rull-harv, og Hans Jonsson Nermo og far gjorde truleg den første rull-harva i Drevja etter den teikninga.

I gamle dagar bruka dei reka, når dei leste på møker i dungen. Det var eit tungvint og uhøveleg reidskap. Sidan kom kluftreka, som og var laga av tre, og ho vart maksel for fraugreipa av stål.

Folk tok no så smått til å dyrka nepa til kreturfor, og det vart og prøva med kunsteng – kløver og timotei.

Kristoffer I. Slåttrem var den første i Drevja, som tok til å dyrka grønsaker. Det var truleg kålrabi og gulrot. Men han kunne ikkje få nyta det han planta. Ungar og kanskje eldre med, øydela og stal ifrå han.

Foret vart breidd og turka på marka. Men kring 1860 tok dei og til å hesja. Dei første hesjepålane som vart bruka, var laga av ein grov topp. Gjenom toppen, som kunne vera kring tre alen lang, var det bora hol, og i hola sette dei nabbar som stakk ut på begge sidone, så dei kunne leggja ein staur på kvar sida av stegålen, som dei kalla desse pålane. Dei trudde frå først av, at graset låg ikkje, om det ikkje var to staurar. Sidan gjekk dei over til å bruka berre ein staur, og då sette dei nabben på skrå i stegålen, så stauren skulle liggja betre. – Dette var sjølvsagt ein tungvint måte å hesja på, og dei måtte ha mykje hesjevyrke skulle det forslå noko. Det var ikkje før i 80-90-åra at snøret kom i bruk. Jarn-strengen er endå nyare.

Feal
Ein kan ikkje tala om jordbruk utan i samband med feal. Strandsitarar og innerstar, som ikkje hadde det minste jord, kunne ha både ku og sau. Dei fekk slå utengholor hos ein og annan bonden, og så onna dei i fjellet. Men i gamle dagar var det ein annan driftsmåte på det omkvervet og. Dei la vinn på å setja mest mogeleg inn om hausten. Om kretura svalt så dei knapt var gangføre om våren, så var ikkje det så nøgje. – Dei hadde i gamal tid – før gardane vart så sundbytte – meir bumark enn dei no har, og kretura hadde dei såleis stelte at dei kalva ikkje før ut på våren. Og den tida dei stod borte, kunne dei gjerne svelta, meinte dei. Når sommaren kom og graset stod friskt og grønt, då skulle dei mjølka, og då kunne dei eta seg feite.

Vi vil sjølvsagt seia at dette var ein galen arbeidsmåte. Det var etter vår meining uøkonomisk, og så grensa det til dyrplaging. Men dei gamle rekna på ein annan måte, og det kan nok henda at dei etter tilhøva, hadde rett. Vi skal hugsa på at dei hadde lite eller inkje kraftfôr.

Åkerlappane hadde dei korn i år etter år, og la dei att ein åker no og då, så var han så utpint, at det vaks berre skjurgull og dåve. – Det andre foret var mykjegodt utengfor, og så var det bygg- og havrehalm. Det er greidt, at med dette slags for, kunne ein ikkje driva fram noko større mjølk, og det var det dei gamle rekna med, når dei stelte seg på den måten.

Var det sein vår, måtte dei draga bunød. Frammed fjorden var det mest tang dei bruka, men oppi bygdene var det skav og brom dei hjelpte seg med. Når dei slepte ut kretura til vatnings om middagen, vart det kasta ned beit på bugarden – småbjørk og bjørktoppar, som kretura åt av.

Ein mann møtte grannen i bromskogen, og praten kom sjølvsagt inn på bunøda og den seine våren.

– Jaja, seier ein av kallane, og tek brombøra på seg, ha no bærre mårofroste villæ heldt se fram te jønsok, så trur e, e sku ha bergæ kræturan!

Når det leid til jonsok, mjølka dei kyrne tre gonger om dagen. Det kalla dei å tremunna, og dei trudde dei fekk meir mjølk då. Den første kua, som kom inn i grindane, vart tremunnku, og mjølka frå tremunnkua skulle gjetaren ha. Ho vart sundsprengd til ost, og så fekk han rym-mjølk på.

Frå 1820 og fram til 1860 var det stor invasjon av varg frå Finnland og Sverige. Eit tak var han ei heil landeplaga. Dei måtte hava vaksne gjetarar, for dei torde ikkje sleppa ungane i lag med buskapen. – Den tida var ikkje sommarfjøsen komen i bruk. Dei hadde kretura i grindane. Men dei måtte støtt halda vakt om natta. Til det bruket hadde dei grindhus. Det var laga mesta som eit anna lite hus, men det stod på meiar, så dei kunne kjøra det, om dei flutta til ein annan stad med grindane. Den som låg vakt i grindhuset, hadde jamt hund med seg.

Om vinteren, når det var mykje snø, vart vargen så nærsøkjen, at han kom heim åt husa. Han åt snart opp alt av hare og anna vilt i skogen, og det var på leiting etter mat han gjorde slike ferder ned til husa og ned i fjæra.

På Myrmoen kom ein varg rennande etter hunden. Yterdøra stod på glytt, og hunden sprang inn og vargen etter. Hunden for i rivande fart opp gjenom troppa, og vargen, som ikkje var så godt. kjend, ville snu. Men døra hadde fare att, og han kom seg ikkje ut. Anders Bentsson, mannen på garden, vakna av ramlet, fann seg ein vevelt og sprang ned i døra, og der slo han vargen i hel. Då dei opna vargen, fann dei ein skosole i magen på ‘n.

Det var arbeidsamt for dei som skulle gå og mjølka tre gonger om dagen, for grindane stod oftast på eit utenge langt ifrå garden. – Eg tenkjer her serleg på husmannskjerringane. Det er såleis ingen bekkjeveg frå Kleivhaugen og til Jonsrud. Men dei greidde det, og dei klaga ikkje.

Dei gamle hadde sin eigen måte å stella mjølka på. Dei sila ho i flatvorne trog eller kollor – dei trudde då at dei fekk mest ryme. Kolla var som ein låg, vid stamp. Vidna kunne vera så ømse, men djupna var ikkje mei r enn 3-4 tom. Troga og skålene, som oftast var laga av bjørk eller selja, var av ømse storleik. I mastua (matstua) hadde dei mjølk-benk, og der sette dei troga. Når mjølka hadde stade 1 eller 2 døger, rende dei unna, og rymen hadde dei i rymdallen. Var mjølka søt, laga dei vanleg ost, men var ho sur, som ho ofte ville bli om sommaren, hadde dei ho i skjørholket, og det kunne stå både to og tre veker, – det gjorde ikkje noko. Fekk dei ein avgang av skjør eller surmjølk, så slo dei det i skjørholket. Når dei hadde fått nok i holket, koka dei skjørost eller gamalost. Møsa, som vart att når dei laga ost av søtmjølk, koka dei møsbrøm av, og møsa av skjørosten, laga dei syra av. Syra var ein viktig ting i gamle dagar, for vanleg eddik fanst ikkje. I Drevja og elles i Vefsn var syra vanleg handelsvara, og når fjordværingane for til Bjørn, hadde dei ofta syra med seg. – Smør laga dei sjølvsagt då som no.

Til kjese – for å få mjølka sprengd – bruka dei magen av nyslakta kalvar – helst berre eit par dagar gamle. Dei salta og turka magen, og så tok dei ein bit av han for kvar gong dei kjeste.

Det var eit heilt strev å halda rein alle trekoppane. Dei måtte ofte kokast i einlaug, og dei måtte skurast i sand, skulle dei halda seg kvite. Kjøll-tvoga laga dei av dei lange håra på kurompa. Dei spann først håra til tråd, og så batt dei seg tvogor. Same slaget broka dei til sil-hår. Dei sila mjølka gjenom det. Sidan, då dei fekk ty av lin eller bomull, kalla dei det sil-klut.

FISKET
Vi skal no høra litt om fisket – den andre store inntektsgreina.

Lofotfisket var det viktigaste, men sildefisket og heimefisket hadde og mykje å seia for det daglege brød. I dei eldste tider bruka dei berre juksa i Lofoten, så det var billeg å koma seg til bruk. Båtane var små, samanlikna med dei storbåtane, som vart bruka i 80-åra. Kring 1700 tok dei til å bruka garn på Møre-kanten, men dei kom ikkje i bruk i Lofoten før kring 1750. Bruken av garn skapte ein veldig strid, og i 1770 kom eit reskript, som forbydde å bruka garn andre stader enn i Austnesfjorden og Raftsundet.

Ein kan seia at bruken av garn skapte ein heil revolusjon både på fiskeplassen og heime. I den første tida måtte dei spinna all tråden til garna sjølve. Hampen fekk dei frå Bergen, og det var eit langt arbeid frå hampdokka til tråden var ferdig. – Først måtte han bankast med hampklubba, og deretter måtte dei hekla han. Det reidskapet som vart bruka til det, kalla dei hamphekla. Ho var laga av ei bord-fjøl, som kunne vera kring halvanna alen lang og 7 tommar breid. Dei slo spikrar eller toddar i ho, så det vart som ein kam. Når hampdokka var banka, drog dei ho gong på gong gjenom denne kammen. Det vart gjort for å gjera hampstråa mjukare, men kanskje mest for å skilja ut dei stutte og dårlege stråa, som dei kalla stry. Når det var gjort, tok dei til å spinna. -I gamal tid hadde dei ikkje rokk. Dei bruka hand teinen til å spinna på. Handteinen var ein rund tein med ei kula på enden. Ulla, eller hampen, vart festa til øvre enden av teinen, som måtte hanga fritt i den eine handa, og med den andre handa gav dei han på drekta, så han snura rundt. På den måten fekk dei snur på tråden. Og når dei hadde spunne så lang tråd, at teinen tok i golvet, tulla dei tråden på teinen, og slik heldt dei på til teinen vart full, og dei måtte nøsta av. Far min kunne minnast at bestemor hans, ho Ili Pålsdotter, spann på handtein, og det gjekk fortare enn ein skulle tru. Handteinen var i bruk i Drevja heilt til i 1830-åra.

Rokken kom i bruk på Helgeland kring 1700-åra. Etter ei skifteforretning av 1717 har den gniarvorne Anders Dass gjort frådrag i løna åt fosterdotter si, for ein rokk han hadde kjøpt åt ho. Det var sjølvsagt embetsfolket og dei rike, som først fekk rokk.

Det er lite truleg at dei spann noko større tråd på handtein til lofotbruk. Men endå om dei hadde rokk, kan ein lett tenkja seg for eit veldig arbeid det måtte vera å laga til eit lofotbruk. Det er ikkje til undrast på at dei måtte hava både otta og kveldseta fram etter hausten og førejulsvinteren. Alt måtte vera ferdig til i midten av januar, for då for lofotfolket. Dei fleste rodde med Aust-Lofoten, i Svolværet eller Vågan.  – Det er ei seiande segn at det kring 1780-90 var eit eventyrleg rikt garnfiske i Raftsundet. Oldefar hans Bendik Strøm sette opp rorbu i Røyrhopen, og det var truleg mykje drevjebåtar som rodde der. Som eit døme nemner han, at fleire båtar måtte fara heim før fisket var slutt, fordi dei ikkje hadde meir hjellbruk. Det var ikkje fiskekjøparar i Lofoten i den tida og kvart båtlag måtte skaffa seg hjellbruk og henga fisken sjøl.

Dei første garna var sjølvsagt små og grove. Om dei hengte telna på torvhaldskrokane på butaket, så kunne dei ganga på taket etter maskone, – som i ein stige.

Dei fortel om eit kvinnfolk, Basa i Røyrhopen, som truleg var landvert der. Etter det eg har høyrt, vart ho kjend og omtala fordi ho rodde fiske og var kledd i mannsklede. Segna seier at når ho skulle gjera ein viss, nødvendig ting i båten, bruka ho eit bukke horn, som ho etter bruken la ifrå seg i esinga på båten.

Sumt tyder på at dette fisket var til stor økonomisk hjelp for Drevja. Som eit døme på dette har dei nemnt oldefar hans Bendik Strøm. Han var ein fattig mann med tolv born, og leiglending under Dønnes gods. Men kring 1790 byggjer han ei ny, stor stua, set opp låve, og kanskje ny fjøs. Dette kan tyda på, at det må ha vore det rike fisket i Raftsundet, som har gjeve midlar til eit slikt arbeid.

For å få eit slag prov på dette, gjorde Bendik Strøm etter røkjing på gardane frå Drevland til Forsmo. Og det viste seg, seier han, at på alle desse gardane var det bygt nye stuehus i tida kring 1800-talet, eller litt før. Og så legg han til: Kvar skulde dei fattige bøndene ha fått så mykje midlar frå, om det ikkje var frå lofotfisket?

Etter mi meining var det ikkje berre det gode lofotfisket som skapte denne nybyggjinga. Største grunnen er vel den at kring 1780-åra blir det ei heil omleggjing av den gamle byggjemåten. Just på denne tida kjem dei nye stuehusa i bruk over heile Helgeland. – Det er den lange låna, med sengstua, gang og kjøken, stua og to kammers i enden. Embetsfolket og dei som sat godt i det, hadde lenge hatt slike hus, men det er i denne tida dei kjem i bruk på bondebygda.

I gamle dagar hadde dei ikkje glaskavl, og til fløyt på garna måtte dei bruka trekavl. Han var pålag som ei storvora vedskia, og var helst laga av selja. Når garna stod på djupt vatn, vart han snart vassdrukken, og dei måtte ha så mykje kavl med seg, at dei kunne bytta og turka kavlen.

Lina kom i bruk noko på same tid som garna, men det ser ikkje ut til at lina har vore noko større bruka av lofotfolket her frå Drevja. Juksa-fisket var kanskje det som høvde best for dei små båtane, og det gamle fisket har halde seg til den dag i dag.

Sildefisket

Eit anna viktig fiske som vart drive utover hausten og førejulsvintren, var sildefisket. Sildegarna var bundne av heimspunnen tråd. Eg har sett slike gamle sildegarn. Tråden var eingjengt og noko grov. Men når dei store sildestimane kom sigande, fekk dei rikeleg på det bruket og.

Det var på langt ner ikkje så mange, som var med i sildefisket som i lofotfisket. – Var det sild i Vefsnfjorden, var dei nok mannjamt ute, men det var ikkje så sers mange båtar, som for noko langt for å leita etter silda.

Far fortalde at i 1860, då fjorden stod full av sild, var det mange frå Øver-Drevja, som låg ved Holandsjøen og fiska sild. Silda kom sers tidleg det året – midt i slåttonna – og ho stod der til langt ut på vinteren, så mange av lofotfolket for ikkje nordover, men gav seg att heime og fiska sild.

Her på Helgeland var dei mest kjende sildefjordane Høla, Lundstøa og Sjona. Og så var det ofte sild i Leirfjorden og på Kvalnesbogen.

Laks-fisket
var iallfall eit fiske, som det stod strid om. Frå gamal tid har det vore tvist om laks-fisket i Drevja, og så tidleg som i 1647 vart det av sorenskrivar Munch dømt mellom brukarane av Straum på den eine sida og brukarane av Båtstrand og Almås på den andre sida.

Men striden tok ikkje ende med det, for i 1728 og 1734 har det atter falle dom mellom desse brukarane. – Straumsmennene, som var dei fleste (i 1720 var det 7 brukarar med 97 kyr og 11 hestar), tykte dei andre ville ta seg for stor rett i elva. Landdrotten på Dønnes gjorde no kort prosess – han leigde bort laks-fisket til andre, og dermed endte striden.

For oss kan det sjå rart ut, at det skulle bli strid om laksefisket mellom Straum og Båtstrand, når vi veit at Båtstrand ligg langt ovanfor Forsmoforsen, og vi samstundes veit at laksen ikkje kunne gå lengre enn punn forsen. Ein skulle tru at desse gardane ingenting skulde ha å seia nedanfor forsen. – Grunnen måtte vel vera den at Båtstrand og Almås ein gong hadde høyrt til Straum, og då dei vart utskilde, hadde dei fått ein viss rett til laksefisket i elva ved Straum. – Denne striden viser at brukarane sette stor pris på fisket. Fangstreidskapa dei bruka, var truleg not og garn, og så ongel med mark på. At det var meir laks i Drevje-elva då enn det er i dag, er det ikkje tvil om. Utfjæra var stuttare i gamle dagar enn ho er no. Og elvmargen var nok djupare då ho rann frammed Aurbergsnebben. Dessutan var det ein liten fors ved utlaupet ved Jektskjeret – og den lokka nok laksen. Men forsen var ikkje så stor, at han var til minste hinder for laksen.

I 1927 vart det bygt lakstroppe i Forsmoforsen, så laksen kunne koma seg opp i elva. Det var Helmer Persen Sørgard som var arbeidsformann. Arbeidet elles vart gjort med pliktarbeid. Troppa kosta kring 4500 kronor. Dei fekk ein tridjepart av offentlege midlar, og dei to tridjepartane av utlegget vart bytte på 41 eigedomsrettar mellom Forsmo og Drevvatnet.

I 1919 vart det bygt utklekningsstasjon ved Almåsen. Han kosta omlag 1000 kronor. Oluf Almås steller med den. Dei har eiga not til å fiska stamlaks med.

Heimefisket
var til stor hjelp for strandsitarar og elles alle som budde attmed sjøen. Om hausten sette dei sildegarn etter landreka, så dei fekk seg agnsild, og så for dei ut med juksa eller lina. Om vinteren bruka dei lagn (småfisk-garn), og om sommaren rodde dei med dorg etter sei eller annan småfisk. Dei gamle eg har snakka med, trudde det var meir fisk i fjorden før enn no.

Eit merkeleg fiske i Vefsnfjorden var loddefisket. Denne vesle fisken finst: så vidt eg veit, ikkje i andre fjordar enn Vefsnfjorden, og så litt i Rana. Men i Nordishavet er det store mengder, som kjem inn mot Finnmarkskysten om våren for å gyta.

Her i fjorden kom (og kjem) lodda i mars-april opp mot Vefsnelva og Drevje-elva for å gyta, og ho vart fanga med not eller hov. Eg har vore med og fanga lodda nede ved Drevje-elva. – Kring 1890 var det eit heilt fiske ved Mosjøen, og det var mange frå Drevja som var med der. Lodda bruka dei til agn og til for.

I gamle dagar var det mengder av kobbe og nisa frammed kysten, og dei kom ofte inn i fjordane. Eg minnest han Mokk-Jakob, som var storskyttar, var med Holandssjøen og skaut kobbe.

I 1903 var det invasjon av russekobbe og kvitfisk i Vefsnfjorden – eit merkeleg lune av naturen. Begge høyrer til i ishavet. Her vart fange ein kvitfisk – av Martin Iversen Skaland. Han hadde sett garn, og fisken hadde tulla seg bort i garna – og drukna. (Kvitfisken andar med lungor.).

Våren 1903, då søster mi vart gift, rodde vi til kjerka, og då vi kom inn på Skalandsbukta, låg det ein storkobbe og sola seg på eit isflak. Han var så spak, at vi rodde tett til flaket, og ein av rorskarane tok åra og slo til kobben. Han råka ikkje høvet – det vart berre eit slag i det feite speket, – og så rulla kobben seg i sjøen.

I gamle dagar var det brygda i Vefsnfjorden. Brygda skaut dei med skotål (harpun). Ho har det laget, at når dei ror, går ho etter båten, og ho kunne koma så nær, at dei kasta skotålen i ho. Brygda fanga dei for levra. I ein feit fisk kunne vera over ei halv tynna lever. Den siste, som skaut brygda her i fjorden, var ein Henrik på Lindset. Han levde kring 1750.

1890-åra lagar eit skille mellom gamal og ny tid. For lofotfisket og andre fiske kjem no listerbåten i bruk, og nordlandsbåten må vekk. Soga hans er dermed til ende. – Dei gamle som hadde rodd sine manndomsår på denne båten, kunne ikkje forsona seg med dette. Men dei som er yngre og ungdomen, tok med gleda mot det nye.

Ein ungdom fortalde: Vi låg og drog innpå lofothavet, då nordvesten kom. Vi sette 20 ned garna og tok til å kryssa på land, vi som dei andre. Ute på det opne havet greidde vi oss bra ilag med listringane, men då vi kom nærmare land og skulle opp leia til været, var det å ta ihop og setja seg til årane. Listerbåtane med snesegla sine skar framom oss som dampskip, og gluntane på listerbåtane gjorde ingenting – utan å erta oss med ein togtamp. – Vi sleit og rodde for livet.

Råseglet var for tungvint, og nokre prøvde seg med å laga snesegl på fembøringen. Bendik Strøm var den einaste her i Drevja som prøva dette, men han sier sjølv, at det var “ungdoms dårskab”. Nordlandsbåten var for lang i kjølen til å kunna venda lett.

Dei siste storbåtane her i bygda hadde Andreas Øysteinsson Straum og Henrik Larsson Øygard. – Pålag samstundes med listerbåten kom kuttaren og smådekkaren, – dekket kjem no i bruk i fiskarbåten. Men dei gamle fiskarane frå Drevja greidde ikkje å fylgja med, og det var ingen her som fekk seg listerbåt eller dekksbåt. (Eg unnatek Jakob Johansson Finnhaug. Han kjøpte seg land ved Holandssjøen, og hadde listerbåt.)

Dei dårlege fiska og dei dårlege åra kring 1890 hadde tært sterkt på økonomien, og det gjorde og sitt til at det no vart slutt med ein gamel tradisjon og ein næringsveg, som hadde vorte dyrka i fleire hundre år.

Folket tek no meir fat på jordbruket. Dei fleste leiglendingane kjøper gardane i denne tida, og det gjer kanskje og noko til at dei legg meir kraft i jordarbeidet.

HUSBYGGING
I den eldste tida var stuehuset berre i eit rom, og eldstaden, åren eller flua, var midt i huset. Det var eit hol i taket for røyken, og for å få ljos i romet. Holet kalla dei ljoren, og den kunne dei stengja att om kvelden, når det ikkje brann på flua. Glas hadde dei ikkje, og heller ikkje loft. Telet var trampa jord eller leir, og det var langbenker kring veggene, og langbord til å eta på. Eit slikt rom, der eldstaden var midt i huset, var ikkje høveleg til arbeidsrom, og alt det grøvre mannfolkarbeidet måtte dei gjera ute.

Kring 1100-talet flytta dei eldstaden til den eine tverrveggen og mura gruva, men røyken gjekk framleis gjennom ljoren i taket. Og derifrå fekk dei og ljoset. Inngangsdøra var framleis i den eine røystveggen. Men no vart det bygt til eit nytt rom i enden på huset. Det kalla dei koven, og der låg husbondsfolket. Denne hustypen heldt seg på bondebygda til kring 1750. Men då tok det til å koma ein heilt annan hustype i bruk. – Det var det moderne huset med stua og kammers i den eine enden, kjøken og gang på midten, og i den andre enden sengstua eller holdsstua. Samstundes blir det loft i huset. På denne tida har det kome glas i handelen – og dei får vindauga på stua. No blir gruva flytta til kjøkenet, og muren blir gjort så lang, at han rekk eit stykke opp om mønsåsen. Denne hustypen hadde i lang tid vore i bruk hos embetsfolket og kaksane ute ved kysten, men bøndene, som ofte var fattige leiglendingar, heldt på det gamle, og dei hadde vel heller ikkje råd til å skaffa seg noko nytt. Her i Drevja kom den nye stua i bruk kring 1780-90.

Vass-sager er det i den tida mange av, og dei var kanskje meir enn noko anna til hjelp under husbygginga. Ein kan lett tenkja seg til kva strev det måtte vera å bøna (klyva) alt som skulle brukast til eit stuehus, – no då ein skulle ha både loft og golv. Husa vart og mykje større. Utan sag ville arbeidet teke minst fem gonger så lang tid. Når ein bønte, fekk ein berre to plankar eller bord av stokken, så ein kan skjøna at det skulle ei mengd med tømmer til. Dessutan måtte dei øksa klømningane, og det var eit langt arbeid.

Til golv øksa dei ikkje begge sidone, men dei hogg hakk i undersida for telåsane. Men skulle dei bruka det til loft måtte dei øksa og høvla begge sidone. Dei kanta ikkje borda, slik at dei vart like reie i begge endane. Det hadde jorddrotten sett forbod mot, for spara på skogen. Derfor såg ein støtt i dei gamle husa, at golv- og loftborda var pløygde med same plogen på begge kantane. Det varr anten not eller fjær. På den måten fekk ein endesnu bordet og jamna ut skilnaden på tjukk-ende og grann-ende. Ofte var borda svært breie. Det var ikkje sjeldan å sjå bord som var 12-15 tommar.

Glas til vindauga kom i bruk på denne tida. Det var små, grønleta rutor med ein støypehals midt på ruta. Dei stengde for frostet og gav litt ljos i romet. Men å sjå det som gjekk for seg ute, var umogleg. Det var dei verste narrglas du kunne tenkja deg.

I dei nye stuehusa blir no gruva, som før nemnd, flytta frå enden av huset til kjøkenet, og det blir oftast laga bakaromn i gruva samstundes kjem det til bruk i stua ein slags omn, dei kalla bileggar. Dei sette hol på veggen midt for gruva i kjøkenet, og fram for holet vart så bileggaren mura opp. Den sida som veit mot gruva, var pen, og der la dei inn veden, og røyken gjekk opp gjenom muren.

I 1750 kom det 3 slike omnar frå Bergen til Vefsn, og ein av dei kom til Lamo i Drevja. Ein av desse er no på Vefsn Bygdesamling og han har årstalet 1735. (Desse opplysningane etter Bendik Strøm)

Men alle bileggarane var ikkje av jarn. Some laga, eller fekk laga dei av esja. Heime på Holand var det ei stor esjeskiva, som rart bruka til brannmur, og stod røyst attom kok-omnen, som vi fekk i 1888. Eg trur denne skiva, som var pålag 2 tommar tjukk, var frå ein bileggar.

Desse omnane var ikkje så lenge i bruk. Kring 1800-års-skiftet kom det ein annan type – ein stor kasse med røykhol på den eine enden. – Neste steget er ein tasi (etasje) på kassen, og på denne tasien, som er sett midt på kassen, er no røyra, som anten går gjennom veggen til muren eller opp gjennom loftet og der ifrå på taket. Desse røyrene var laga av esja, og det vart ein heil industri å laga esje-røyrer. Her i Drevja var det Jo Olsson Øygarden, som var meister. Han gjorde meir enn dei trengde her i bygda, og han selde ikkje så lite røyr på Bjørn og til dei som tinga. Desse røyrene er enno i bruk her i Drevja. Øygards-Jo laga og limkjelar av esja. Dei var svarva.

Dei andre husa på garden var fjøs, låve, eldhus og bur. På some gardar var det stall, men hesten eller hestane, hadde ofte rom i fjøshuset. Smia og makjen var det på nokre gardar. (Makjen er inkje-kjønsord i bygdemålet her: eit makjen. Makjenet vart nytta til turkehus).

Alle husa var tekt med næver og torv.

Buret la dei mykje arbeid på. Det var vakkert og godt bygt – ofte med ein svalgang på to sidor, der dei kunne henga ut til lufting både klede og matvaror. Under buret var det først laga ei knepping, som låg på syll- steinane. På denne kneppinga sette dei opp stolpar, som syllane på sjølve buret låg på. Bursyllane var laga av ein tjukk stokk, som var kloven midt i to. Den flate sida snudde dei ned, og syllane var så breide, at dei rokk utanom stolpane. Dette gjorde dei for at ikkje mus eller rotta skulle koma seg inn eller få høve til å gnaga seg hol. – I buret vart kornet lagra, og i buret hadde dei kjøtet og den andre maten. Der hadde dei og sengklede, så det var rimeleg at dei gjorde alt arbeidet på beste måten. Døra var sterk, og der hadde dei ekstra godt lås. – Det var ikkje svalgang kring buret heime på Holand. Men i eine røystet, der døra var, stakk stokkane på lang- veggen mykje lengre fram enn vanleg – likeeins taket, – og på den måten vart det høveleg å henga einkvart til tørking. Leåsane var utsveipa på enden, og mønsåsen, der årstalet 1777 var innskore, var serleg forseggjord.

Veslehus hadde dei ikkje i gamle dagar. Dei bruka fjøset til det. – Far trudde den første “firkanten” i Drevja vart bygd på Holand i 1793. Det var ei åstadssak mellom gardane Holand og Nyland, og lagmannen vart då henta frå Steigen. Og det var til æra for han at dette huset vart bygd.

Snikring
Snikring og heimearbeid står høgt i Drevja i dag, og det er ingen grunn til å tru at det har vore kleinare i gamle dagar.

Til eige bruk gjorde folk sjølvsagt det dei trengte, men vi veit og at dei hadde båtar og andre trevaror til Bjørnsmartnan og selde der. Den første vi veit om, som hadde rivor til martnan, var Tuvnes- Pål. Det kunne vel vera kring 1830. Tuvnes-Pål var gjetar, endå i sine beste år. For i den tida var det så mykje varg og andre udyr, at dei bruka vaksne folk til å passa buskapen.

Men det var sjølvsagt mange andre enn han som hadde trevaror til Bjørn – og lenge før hans tid. Grovare ting, som holke, tynnor, halvtynnor, kvartel, auskar og årar gjorde mesta kvar mann. Men kistor, stolar, skap, klaffbord og rokkar heldt dei for finare arbeid, og det var berre nokre få som gjorde slike ting.

Av rokksmedar nemner eg Peter Bentsson på Lindset. Far fortalde at då han var småglunt, var han ofte på Lindset og drog drei-hjulet åt han. Han laga ikkje berre rokkar, men svarva og fat og talerkar til dagleg bruk. Det var lite krusty den gongen. Ola Nilsson Stuvland var kjend som flink rokkesmed. Heime var det ein rokk, han hadde gjort. Hjulet var laga av eik, for at det skulle vera tungt. Han kunne og dreia stål og jarn. Rokkane hans vart omtala som dei beste. Men han er kanskje mest namnrost for hus-skruvane han laga.

I gamle dagar bruka dei ikkje fundament under syllmuren eller lasteinane. På dei fleste stadene i Drevja er det leirgrunn, og husa stod derfor dårleg. Telen arbeidde vinter og vår med husa, og dei måtte ofte skruvast og rettast på. Det er enno i bruk mange av dei skruvane han Ola Nilsson Stuvland laga.

Av andre rokkesmedar nemner eg Bergsnev-Gabriel. Han gjorde og mykje nøst-tre. Dei seier om han at han hadde ikkje tid å halda helg, han hadde det så travelt støtt.

Ola Sjovaldsson Forsmo laga og rokkar.

Bestefar til Nils Jonsson Blåfjell var rokkesmed. Han heite Jo Larsson, og hadde kona frå Visten. Det skulle vera eit grepa kvinnfolk, men ho hadde det så altfor travelt.

Ho hadde slik hug å reisa heim og sjå åt folket sitt, men det vart aldri tid sommars dag. Så ein gong i jula reiv dei seg laus, – for ned til Holandssjøen, der dei hadde båt, og la utover. Det var mørkt då dei rodde inn Vista, og då dei såg det lyste ein stad og høyrde ein hund gøydde, la dei til lands. Komen opp til garden råka dei ein mann ute. Jo Larsson fortalde kem dei var. “Vi såg ljoset og høyrde hunden, og så la vi åt her.”

Nei, seier mannen, liksom orsakande, vi har ikkje hund, det var eg som gøydde. Mannen ottast for det kunne vera farkpakk som var ute og for, og så gøydde han for å skræma vekk farkpakket.

Enge-Anders laga og rokkar. Det same gjorde Anders Hansson Blåfjelldal. Mesta kvar mann kunne gjera kjølle (kjørel). Av møbel-snikkarar nemner eg Ola Olsson Nyland. Det var ein serleg flink arbeidskar.

Så var det Harald Brattli, Anders H. Blåfjelldal, brørne Ola og Andreas Hansson, Lars Larsson Bergsnev og sonen Ludvig Larsson. Dei to siste arbeidde mest stolar. Og gyngestolane hans Ludvig er vel kjende. Han er så vidt eg veit den einaste i Drevja, som lagar vognhjul.

Hans Hvidsten var ein uvanleg sterk og snar arbeidskar. Han dreiv med allslags trearbeid, men på sine gamle dagar mest med rivor, og der er han meister.

Vi fer til kjerka
No skal vi vera med på ei kjerkeferd frå Vasshøve til Dolstad. Det er ein søndagsmorgon i juni. Klokka er berre fire, men det tek til å samlast folk med hestar ved vadet over Drevje-elva. Det er folket av Vasshøva og Enga, som har snakka lag, og skal fara til kjerka. Men dei ser just ikkje kjerkekledde ut. Some har ei lerredsbrok på. Andre er i berre underbroka.

På Rognryggen kjem det ein ridar, og når dei kjem lenger ned gjennom bygda, er det fleire og fleire som skal same vegen. Og før dei kjem fram til Holandssjøen, er det eit heilt fylgje. Vegen går frammed Blåfjellet og nedetter mot Komra. – Derifrå ber det gjenom Nilsskog-gardane og nedetter Forsmoen og Brattbakken til Bergsnevet. Når dei kjem fram til Høklia ved Myrmnoen, stoggar heile fylgjet. Det er ei gjetargjenta som sit oppi ein rabb og trallar så forlevande vakkert at alle må høyra på. – Det er ho Sigrid Hansdotter frå Holand. Ho har slikt uvanleg vakkert mål. Og Per Jakobsson Forsmo som er spelemann, vert standande reint oppi undring. – Vi skal sjå litt på fylgjet, medan dei pustar på.

Det har no vakse, så du ser minst tolv hestar. Det er både karar og kvinnfolk. På some hestar sit det to. Det er ikkje mange som har salar – dei fleste har ein sekk eller ei anna breidsla på hesten. Alle har pakkar eller kjerke-bommor med seg, for dei må ha mat med på turen. Og dei som ikkje har kjerke-kleda hangande anten med Holandssjøen eller Dolstadsjøen, må ha dei og med.

Klokka er no sju, og sola skin så det vermer. Men det er enno dogg i graset, og hestane gneg i seg det friske graset ved vegkanten. Du høyrer gauken gjel og fuglane syng i bjørketoppane.
Men kjerkefolket har ikkje tid å spilla, og så ber det nedetter Myrmoen – og til Holandssjøen. Dei tjorar hestane fram-med fjæra eller ved buveggen. Mange av bøndene frå Øver Drevja har både naust og buer her. Dei går inn i buene og får seg mat og finn fram kjerkekleda. Men dei tek dei ikkje på her. Dei har enno over ein mils veg å ro, før dei kjem inn til Dolstadsjøen, der dei legg åt.

No kjem det roande kjerkebåtar frå Drevlands-sida og Utnes, og det vert eit stort fylgje som ror innover fjorden. – Det er ei vakker syn, når folk ror til kjerka ein søndagsmorgon, med sol over glitrande fjord. – Karane ror, og kvinnfolka sit på skoten.

Det var ei slik syn som skapte “Brudeferden i Hordanger”. Dolstadsjøen er som ein liten strandstad. Det er ikkje så få hus. Der ligg skulehuset – det einaste som er bygt i Vefsn.
No kjem kjerkestasen på, og det viser seg at alle har stasklede. Det blenkjer i sølvknappane på dei svarte eller blå fløyelskleda. Du ville knapt tru at dette kunne vera dei same karane du såg ved Holandssjøen før på morgonen.

Det er konfirmasjonssøndag i dag, så det er meir kjerkefolk enn vanleg. Vi skriv 1849. Presten Hall, som seinare vart prost i Helgeland, preikar. Son hans, Christian Hall, som er komen heim frå Kristiania, der han studerar, har hjelpt klokkar Jensen med å innøva eit songkor.

Far min vart konfirmert det året (1849), og han var med og song. Han fortalde at kjerkefolket var heilt forundra over kor vakkert det var. Og det er nok truleg, for dei fleste hadde vel aldri høyrt korsong før. Dolstadkjerka hadde nyss før fått orgel, så det var vel mange som ikkje hadde høyrt orgelspel heller.

Far fortalde at Hall hadde eit heilt strev med folket. Mange var sjølv-vyrdne og udana. – Han både skjende og godprata med dei. Mange vart forarga. Men smått om senn tok dei til å forstå arbeidet hans, og på slutten av embetstida hans var han ein av dei mest avhaldne prestane som hadde vore i Vefsn.

Kjerketenesta er slutt, og folket er samla ute på kjerkebakken, der lensmann Nils Isaksson Kulstad les opp ømse kunngjeringar. Men folket vil ikkje gå. Dei råkar stendig nye kjenningar, og dei frettar nytt frå alle kantar av bygda. Some, som held blad, kan endå fortelja nytt frå andre bygder og frå utlandet.
I den tida reiste folket mykje meir til kjerka enn dei gjer no. Det hadde fleire grunnar til det. – Folket var den tida meir innestengde, kvar i si bygd, og dei fekk derfor trong til å koma ut og prata med andre. Dertil var skikken den at ein, som ikkje for til kjerka, vart halden for ein heidning, og vart sett ned på av dei andre. – Mange – ja kanskje dei fleste – søkte kjerka av reint religiøse grunnar. Den tvil og vantru vitskap og forsking no har skapt, fanst det lite av den gongen. – Desse kjerkeferdene og praten på kjerke- bakken, var med og skapte kulturvokster i bygda. Dei fekk høyra om nye driftsmåtar i jordbruket, om nye reidskap, og om mange andre ting dei kunne ha gagn av. – Kjerkebakken vart såleis ikkje berre ein spreidar av nytt, men og ein spreidar av kunnskap. Ein skal hugsa på at det var svært få som heldt blad, og mange blad var det heller ikkje. Når så kjerkefolket kom heim, kom grannar og kjenningar som ikkje hadde vore med kjerka, for å fretta kjerkenytt. På denne måten fekk heile bygda greie på. det som hadde hendt i den siste tida.


Jul i gamle dagar

Jula har alle tider vore den store høgtid. Heile adventa stræva dei seint og tidleg for å få ei hugnadsam jul. Julenytt måtte alle få – om det ikkje var anna enn luggar eller vottar. Gjentone hadde jul-kallar. Far fortalde det var vanleg skikk at gjentone gav jul- kallen sin eit nøsta tråd. Og det var både ei praktisk og nyttig gåva. Det er fortald om Øygards-Jo at han hadde så mange jul-kjerringar at han fekk nok tråd til å veva ei vid-lerreds-brok.

Til julan brygga dei øl, og til julan baka dei kamkaka og krinalefsa og alt det beste dei visste. I gamle dagar breidde dei halm på golvet jul-aften, men den skikken vart det slutt med kring 1840. Det vart truleg gjort for å halda golvet reint, så dei kunne sleppa å vaska seint på jul-aften. Halmen sopa dei ut om kvelden. Bar hadde dei på golvet langt fram i mi tid, og some, som ikkje har måla golv, brukar det enno.

Juledagsmorgon stod dei opp klokka fem, og husbonden gjekk då rundt med flaska og skjenkte tenarskapet. Det første eg kan minnast, heldt dei støtt kor, før dei åt frukost. Maten vart bytt på bordet. Og det dei ikkje åt, fekk dei ta med seg og gøyma. Denne skikken heldt seg til kring 1900-års-skiftet.

I jula vitja skyldfolk og frendar einannan. Mange heldt bryllåp i jula, og juledansar var det mange av. Ein skikk det no er slutt på, var jul-spela. Dei var i grunnen laga for ungane, men vakse-folket var og med og hjelpte til.

Eg minnest Maren Gurina var serleg flink til å laga jul-spel, og få det løyleg. Ho vart nytta til ein slags seremonimeister i alle jul-spela her ikring. Ho “selde oks-kjøt og lerret”, og ho gifta dei som “fria på narri”. Og ho song som ein liten klokkar når ho lyste og gifta. Under desse aktene måtte dei ikkje flira. Men kunne dei ikkje berga seg, vart dei lagt traute. Det vil seia, dei måtte gjera noko dei vart tilsett av seremonimeisteren eller andre, Det vart støtt stor jubel, når “vålepus” kom inn. Vålepus var utstyrt med stort skjegg og uvanlege klede – ofte grotesk og usømeleg. Men det var det ingen som tok seg nær av.

Desse jul-spela vart det slutt med kring hundreårskiftet. Det vart då skikk å laga juletrefestar, der læraren eller lærarinna tok seg av stellet. Og dei gamle leikane vart det då slutt på.
Før i tida heldt dei juledansane i bondestuone, og dei gamle var med i laget like så mykje som ungdomen. Far fortalde at i hans ungtid var det sjeldan å sjå ein ungdom rusan. Men gamlingane som kom til dansen, vart jamt traktert av husbonden med heim-brygga øl og dram. Dei dansa og trøydde som ungdomar, og dei var ofte litt på ein kant.

Etter det vart skipa ungdomslag, og dei fekk seg eigne hus, vart julefestane og juledansane haldne i ungdomshusa. Og der var det ungdomen som rådde, og storparten av dei eldre vart ikkje med. Og når ein veit at ungdomane ofte er kåte og mindre omtenkte, gjekk det some tider for vilt til på desse dansane. Det vart såleis til skade for ungdomen at ikkje dei eldre var med.
Det var mykje overtru frå heidne tider, som vart blanda inn i dei gamle juleskikkane. – Ein måtte ikkje vera seint ute juleaften. Glaslukane måtte ein slå føre tidleg, og slett ikkje glytta gjenom glaset, om det var hol eller revor i lukane. Juleaften trudde dei alle vonde ånder var ute. Fekk ein sjå dei gjenom eit hol i glaset eller døra, vart ein framsynt. – Det vil seia, ein måtte sjå og kanskje fylgja åndene i framtida.

Julenatta kunne ein spå på ømse måtar. – Lofotfisket stunda då til, og folket ville gjerne vita om det vart godt fiske, – og kvar fisken ville stana – i Aust- eller i Vest-Lofoten. Det fekk dei greide på ved å slå vatn i ei skål det var litt sagmask i. På kanten av skåla var det sett merke for dei viktigaste væra i Lofoten. Juledags-morgon såg dei etter, kvar meste masket hadde samla seg. – Der vart største fisket.

Juleaften måtte ein bli ferdig med alt ut-arbeid før det vart mørkt. Ved og vatn måtte ein ha inn så mykje av, at ein hadde nok første juledagen. I fjøs og stall fekk dei og merka at jula var komen. Beste høyet vart leita fram, og det vart kosta og sopa i fjøs og stall meir enn vanleg.
Småfuglane vart heller ikkje gløymde. Det vart sett opp korn- band, og den skikken har halde seg til våre dagar.

Skikken å ha juletre er ikkje gamal. Han kom hit frå Tyskland, og her i Drevja kom ikkje juletreet i bruk før kring 1870. Det var elles ikkje mykje stas på dei første juletrea. Juletrepynt i vanleg meining fanst ikkje. Til pynt laga dei rosor av farga papir. Some var reine meistrar til å få dei fine både i form og farge.

I gamle dagar var det skikk at gutane for kring i bygda og tagg julemat hos gjentone. Far fortalde at han og ein kamerat var inne på kvar gard frå Drevland til Vasshøve, og endå kom han heim då. klokka slo 12 om natta. Dei for heimanetter i 6-tida om kvelden. Det var fint skiføre, og dei ville sjå kor lang tid dei kunne greia ein slik tur på. Men vi var ikkje inne lang stunda på kvar gard, la han til.

Det var sjølvsagt ikkje skikk å slå rekordar på slike ferder, og dei fleste gav seg nok god tid når dei var inne hos gjentone.

KEM ÅTTE JORDA I DREVJA?
Dei første landnåmsmennene som kom inn fjorden og busette seg på den staden dei lika best, tok sjølvsagt så mykje land de ville ha. Var dei fleire i lag – og det var dei vel oftast – sette dei merke mellom kvar garden. Men dei bygde gjerne husa i lag på same staden. Det var berre eit smog i mellom dei. Dette gjorde dei både for at det ikkje skulle vera så einsleg, og for å kunne verja seg betre mot villdyr og røvarpakk.

– Dei som tok seg nytt land, vart odelsbønder. Dei åtte gardane sine. Men etter kristendommen vart innførd, og Olav Haraldssons kristenrett vart lov, fekk kjerka hand om mange gardar. Dei som budde på desse gardane, vart leiglendingar. Dei måtte betala skatt til kjerka. I kristenretten var det sett straff og bøter for visse grove synder. Desse bøtene kunne vera gardar eller gardpartar. Det gjekk til kjerka. Ein bonde kunne og gi garden sin til kjerka friviljug. Oftast var det vel for at den katolske presten skulle lesa sjelemessa over han etter han var daud. Han kom då lettare gjenom skirselden.

Det jord godset som på denne måten kom under kjerka, kalla dei benifisert gods. Det var i grunnen to slags kjerkegods. Størsteparten høyrde under erkebispestolen i Trondheim. Det var kalla St. Olavs gods. Men det var nokre gardar som var gitt til andre kjerkor. Innkoma av desse gardane gjekk til omvøling og vedlikehald av kjerke-husa.

Korleis det var her i Drevja før svartedauden, veit vi ingen ting om. Men at det går lange tider før busetnaden tek seg opp att, det veit vi.

I 1536 kom den store kjerke-ombota, dei kallar reformasjonen. Pavekjerka vart avskipa. Kongen eller krone la no under seg alle dei gardane kjerka hadde ått. Dei som før hadde vore leiglendingar under kjerka, kom no under krona.

Det ser ut til at kjerka og andre jorddråttar åtte mesta all jorda i Drevja rundt 1500-talet: Drevland er den einaste garden som er nemnd som odelsgard. – Dei strok av bygda som ikkje var busett før reformasjonen, vart og lagde under krona. Dei som rydde seg heimar der vart og leiglendingar.

Dei gamle storættene på Helgeland fekk ein hard knekk under Harald Hårfagre. Då kristendomen vart innførd med tvang og makt gjekk det og utover dei bygdehøvdingane som ikkje ville bøya seg.

Men det vart då nokre storætter att på Hålogaland. Eg nemner Gidske-ætta og Bjarkøy-ætta. Desse storættene og andre ætter samla seg store rikdomar, serleg av jord. Denne samlinga av gardar vart kalla Dønnes gods. Det kom vel av det at ein av godseigarane, Peder Tønder, busette seg på Dønnes gard då han vart amtmann i Nordland i 1691.

Nest etter krongodset var Dønnes gods det største på Helgeland. I Drevja åtte det gardane Straum, Båtstrand og Almås.

I 1679 åtte Dolstad-kjerka i alt 17 gardar. Av desse var 2 i Drevja. Det var Stuvland og Granåsen. Holand hadde og ein gong høyrt til Dolstad. Men hadde truleg vorte makeskifta ifrå mot ein annan gard.

I 1567 var Straum og Kommermo øvste gardane i Drevja. Til Straum rekna dei då alle gardane på nordsida av elva.

– Danskekongane var jamt pengelause. I 1666 pantsette Fredrik den tredje heile krongodset på Helgeland til Jocum Irgens. Men Irgens kom i stor gjeld til rådmann L. M. Angell, Trondheim. Til betaling for skulda overtok Angell storparten av krongodset på Helgeland.

Dette godset – til like med Dønnes gods – skifta eigar fleire gonger i det hundreåret som etter kjem. Men ein slektning av rådmannen Tomas Angell, erverver ein part av godset. Sidan testamenterte han både det og andre eigedomar til Trondheim by.

Her i Drevja høyrde mesta alle gardane på sørsida av elva til De Angellske Stiftelser. Slik vart godset kalla. Til å styre godset vart det tilsett ein godsforvalter. Andreas Schult var den siste godsforvaltaren. Han budde i Åsheim ved Dolstad. Kring 1900-skiftet vart gardane smått om senn selde til brukarane.

Brukarane på Stiftels-gardane hadde ikkje rådvelde over skogen. Det var tilsett skogvaktar i Drevja. Han skulle merkja det tømmeret brukarane skulle få. Elles skulle han sjå etter at det ikkje vart hogge ulovleg.

I 80-90-åra var Hans Holand skogvaktar i Drevja. Dei gardane der det ikkje var tømmerskog nok til bygging og omvøling av husa, fekk utvist tømmer frå skog-gardane oppe i Drevja. Dei betala ikkje noko for det, men dei måtte sjøl hogga og driva det fram.

Den som ville ha noko til snikring eller anna privat bruk, måtte kjøpa det. – Men dei som budde på skog-gardane tok det ikkje så nøye med blinking og utvising. Skogvaktaren såg ikkje alt. Og dei hadde godt samvit om dei tok ei og anna gran borti skogen.

Eg nemnde at gardane vart selde kring hundreårsskiftet. Så var det. Og ein kan ikkje seia anna enn at både pris og vilkår var rimelege. Prisen låg mellom 1500 og 3000 kronor alt etter storleiken. Skog-gardane vart sjølvsagt noko dyrare. Men det var mange som selde skog for meir enn dei ga for garden.

Såleis vart då bøndene i Drevja sjølveigarar, etter at dei i mange hundre år hadde vore leiglendingar under ymse jorddrottar.

 

Fattig-folk
I gamle dagar var det ikkje noko ordna fattigstell. Det var kjerka og klostra som prøvde å hjelpa dei fattige og forkomne.

På syttenhundre-talet vart det vedteke at det skulle vera høgtids-offer i alle kjerkone til inntekt for dei fattige.

Kring 1840 vart legdsordninga vedteken. Dei fattige vart sette bort på omgang i bygda. Dei var jamt 4 eller 5 vekor på kvar stad, men litt store gardar og rike folk kunne hava årslegd.

Var legdslemene arbeidsføre, måtte dei hogga ved eller gjera eitkvart anna – etter som det høvde og kreftene var til. Denne ordninga var etter måten bra. Dei fattige åt ved same bordet og av same maten som husbondsfolket, og dei låg på stu-loftet saman med det andre husfolket.

Det er ei herming etter ein som heite Johan Røre. Dei spurde om han ikkje heller ville døy og koma til himmelen, enn å fara såleis å reka i gardane.

– Nei, e’ vel heller kom åt ho Massi Larsde i Vikdalæ heller ho Maren Anæ på Ør’n.
Han hadde vore der før, og visste at dei kjerringane hadde god mat, og stelte godt med han.
I krigs- og nødåra straks etter 1800-talet, var det stor nød for fatigfolket. Det var mange som svalt ihel. I denne tida fall og pengane.

Jakob Bentsson Dalmo, som var utkommandert i 1808, fortalde at i Alsundæ (Ålesund) hadde han betalt 1 daler for ei spikesild og ein brødleiv.

Far fortalde at då han var småglunt, låg Dalmo-Jakob fleire gonger på Holand. Det var på veg til kjerka, eller når han skulle inn til Rynes eller Kulstadsjøen. Han far tykte det var ei heil høgtid når han Jakob kom, for han fortalde så mykje om krigen og hendingane i ufredsåra.

Dalmo-Jakob var på ein kanonbåt. Dei rodde båten og var to mann om åra. – Ein gong dei var i kast med engelskmennene, kom det ei kanonkula mot dei. Ho var så utjaga at dei såg ho. Ho råka ein bolt og slo han inn på to tommar. Men hadde ho havt drekt, hadde ho slege av føtene på fire mann.
Dei hadde ein løytnant til sjef, og han var dårleg lika. Maten var kleinsleg, og lite fekk dei. Til kveldan var det graut og brennevin. Han som målte ut åt dei, hadde ein sers stor tomme, og den stakk han djupt ned i målet. På den måten stal han maten frå dei.

Dalmo-Jakob var ein stor, sterk mann. På romet der dei låg, avtala dei ein kveld at dei skulle gi løytnanten stryk ein gong det høvde så. Jakob vart vald til den jobben.

Så ein kveld offiserane hadde fest, passa Jakob på då løytnanten kom ut eit snarærend. Jakob gav han eit slag så han seig i hop.

– Då eg såg han rådde med seg og ville reisa på seg, tenkte eg: Eg er så straffskyllo i kor som er, og så gav eg han ein til. Og så sprang eg inn på romet og la meg, fortalde Jakob.

No vart det slege alarm. Men då ingen visste kven som hadde slege løytnanten, vart det vedteke at heile mannskapet skulle piskast.

Det var ein danske mellom mannskapet. Han fann seg ei øks, og steig så fram og sa at før den skuldlause skulle li for den skuldige, før skulle han hogga ned for fote så lenge han vann! – Det vart då ikkje noko av den piskinga.

Jakob Bentsson Dalmo var bror til Anders Bentsson. Anders var gift på Myrmoen. På Myrmoen var det ei kanonkula som Jakob Bentsson hadde havt med seg frå krigen. Eg såg kula. Ho var av jarn, og eit par tommar i tverrmål. Ho er no på Vefsn bygdesamling.

I krigsåra var all innførsla stoppa. Og dei små lagra av korn vart det snart slutt på. Verst var det i 1812. Då fraus kornet midt på sommaren. Den vinteren var det mange som svalt ihel. Borkbrød vart mykje bruka. Her i Drevja var det fåra (furua) på Forsfjellet og Kommerfjellet som vart berginga for mykje av bygdefolket. Dei vil ha det så til at skogen fekk slik påkjenning den gongen at han ikkje, har kome seg enno.

Marit Jakobsdotter frå Bergsnev, som var gift her på Holand, fortalde at ho var så utsvelta at ho greidde ikkje reisa seg. Ho måtte ha noko å ta i når ho skulle koma seg på føtene.

I 1813, som dei gamle kalla – “litj-godåret”, planta dei kornet på åkeren. Det rakk lenger på den måten.

På Utnes fraus ikkje kornet. Det var mange som fekk seg ein korn-neve der.

1813 var eit uvanleg godt år. Marit Jakobsdotter fortalde at mor hennar – ho Bergsnev-Kari, var ute og skar seg eit band med bygg i slåttonna, gnudde itur det, turka og mol kornet på hand-kvenna. Og så fekk dei seg graut til kveldan.

På Bergsnevaksla fann dei ein daud mann. Han hadde vore med Holandssjøen etter litt turrfisk, men greidde seg ikkje heim.

Husmannen på Naustbakko – plass under Lindset – svalt ihel. Denne tida lærde folk å ha vyrdnad for maten. Eg minnest ho Marit Jakobsdotter vart både sint og sorgfull når ho såg det spiltest korn eller annan mat.

Legdsordninga vara fram til 1900-årsskiftet. Etter den tida vart dei fattige hjelpte på andre måtar.  Dei som hadde hus og kunne stella åt seg sjølve, fekk ei lita pengehjelp. Andre vart burtsette mot betaling, til folk som hadde høve å passa dei. Det vart bygd gamleheim i Vefsn kring 1913. Då Drevja vart utskild frå Vefsn i 1927, fekk Drevja rett til å ha sine gamle dit.

Å koma “på kasen” heldt dei for ei stor skam. Det var mange som streva og svalt for å greida seg sjølve. – Og det var utruleg kor lite dei kunne greida seg med.

Ho Marit Halvardsdotter som var innerst på Nermoen ei tid, koka seg graut til kvelds, og til grautsøvl strauk ho med varme grautskeia burt på talgljoset. Ho bruka det både til ljos og mat. Dei som hadde meir enn dei trong sjølve, hjelpte dei fattige og forkomne. Dei var stort sett meir gjestfrie enn vi er i dag. Det kan nok tenkjast at den nye forsorga både med hus og mat, har gjort some late og meir likesele.

Den siste legdskallen eg minnest, heite Arnt Jakobsson. Han var ifrå Almli. Det var ein stor, sterk mann. Han hadde mesta all si tid rake på sjøen. Han hadde vore fangstmann i Ishavet, og hadde fare med trelast frå Arkangelsk til England. Han fortalde mange historier frå desse ferdene. Han var ein framifrå spåmann når det galdt veret. Det var sjeldan han tok feil.

Kilde: Drevja-boka, av Gunnar Holand (Teksten er slik Gunnar Holand skreiv den i 1948).

 

Bestefar fortel
Fortel om Lofoten, bestefar! Bestefaren tek småglunten på kneet, og så fortel han om ferda nordover, om Andklakkan, Selsøyvik, Støtt og dei andre væra, dei oftast var framme i. – Dei råkar uver og må setja opp båtane, dei ligg og frys i dårlege uthus og må måka snøen av sengkleda når dei står opp. Og endeleg kjem dei åt Grytøya, den siste staden, før dei legg til fjords. Gamlekarane kalla det Reina. – Der kunne det samlast dei hundre båtar. Og bestefar fortel om livet der, om då han første gongen var med til Lofoten, berre fjorten år gamel. Der samlast ofte alt fiskarfolket frå Trøndelag og opp til Salta for å venta på fjordver.

Når staværingane og helgelendingane møttest, vart det jamt slåsting. Det var som når oksane eller verane frå to buskapar møtest. Og så fortel bestefar om då han skulle henta vatn, – korleis han gong på gong vart kasta ifrå brunnen og nedover is-svollen ved brunnen, så han og bøtta hamna mesta nedmed fjæra.

Det var ein stor, sterk staværing som passa på at ikkje dei andre skulle få vatn før hans sambygdingar hadde fått det dei trong. Og bestefar måtte fara attende på låv-rommet, der dei låg.
Ein sterk vefsning – han var som ein liten Samson – tek bestefar og bøtta med seg bort til brunnen. Staværingen vil jaga dei vekk. Men då er det han Samson tek offensiven, og det vert eit vilt slagsmål. – Det er som når to herar tørnar i hop. Men han “Samson” kastar mann etter mann nedover is-svollen, og slaget er vunne.

Glunten dirrar av spaning medan bestefar fortel. – Vatnet skulle vera til supamok, det var sild og blondsupa til kveldan.

Dei låg på eit stort låvrom, fortalde bestefar. Støvel og skinnbrok hadde dei til dyna, og til matbord broka dei seng kleda. Inst på låvromet heldt dei kor, midt på romet spela dei kort og ytst ved døra der slost dei.

Det var brennevinshandel i Grytøya.

Endeleg klårna det opp, og tidleg ein morgon la heile flåten til havs.

Så fortel bestefar om fisket, – kor dei balar og slit på garn-lenkja, – kor dei kappror i stilla og maksver, og om segling i storm og snøkave. Men når sola skin igjen, og Vestfjorden ligg og blenkjer, og du kjem på land med riplasta båt, er alle vonde dagar gløymde.

Bestefar har vore i Bergen, og ein kveld fortel han om den ferda. Dei har jekta full-lasta med turrfisk og tran, og dei kjem sigande inn på våga. – Han fortel om dei store bryggone, som er fulle av varor. Og om dei fine husa og dei mange gatone, om framande folk, som dei ikkje forstår eit ord av, og om travle dagar med lossing og lasting til langt på kveld. – Ein dag vert dei bedne inn å eta middagsmat hos kjøpmannen. Og det var så fint, så fint.

Alt det bestefar fortel, har småglunten soge i seg, og han minnest liketil namna nordover leia. – Når han vaknar om natta, ligg han og tenkjer. – Når han vert stor, vil han verta høvesmann som bestefar – og han vil fara til Bergen, og han vil verta så stor og sterk, at han bankar opp alle staværingane som ikkje ville lata bestefar få vatn.

Desse små sogone frå bestefar eller andre var med og skapte tradisjonen. Det dei gamle gjorde og tenkte, vart grunnlaget vi bygde vidare på.

Nasjonalt sett flyt vi på tradisjonen. Det vi har fått i arv frå fedrene, i mål og sed, i dåd og dikt, det er det som gjer oss til eit folk.

Tradisjonen frå lofotlivet hadde gått dei gamle i blodet. Det var med dei som med flyttfuglane, – når tida kom, måtte dei i veg. Ja, det gjekk så vidt, at når dei vart for gamle til å vera med, skjemdest dei, og ville knapt møta dei som skulle i veg eller kom att frå Lofoten. – Ung-gluntane vart ikkje haldne for vaksne, før dei hadde vore med i Lofoten. Men når dei hadde gjort sin førstehands, då kunne dei vera i lag med dei vaksne, og då kunne dei vera i lag med tausene.

 

Til Lofoten i gamle dager
Det er ein morgon i januar med måneskin og klår himmel. Nedover frå Drevjedalen står det ein bisk austavinds-noill, og frå sjøen nedpå Drevjebukta står frostgova tjukk og svart. Lengre innpå fjorden toppar ho seg opp som røyken av ein stor omn.

Det er støtt rimføre når det er frost og landnørding. Og i dag høyrer du kor det knistrar og knakar under tremeiane når drevje-karane kjem nedover Myrmoen med fard-tyet, end å tremeiane ikkje på langt nær rimar så snart som dei nymotes jarn- eller ståldraga.

Bortpå moen høyrer du eit heilt ståk. Dei skrålar og pratar, trampar og bankar seg. Eller dei tek seg ein dram for å halda varmen i eit slikt spikarfrost.

Månen er i ferd med å gå ned burtpå Toven, så du kan ikkje sjå køyrarane klårt, – du ser berre som eit langt, grått band som buktar seg nedover. Men var det ljost nok, er eg viss på du kunne telja ein tjuge hestar eller meir. Og endå kjem det fleire når det lir lengre utpå.

Nedmed nausta ved Holandssjøen har det alt samla seg mykje folk. Du ser ljos på naustlofta og i buene. Og du høyrer rop og skrål og ramling med ved og tynnor eller slikt som skal med på ferda.
Borti frostrøyken høyrer du det ror og bankar. Båt etter båt kjem farande og legg åt i støene, – kvitrima og fulle av “fard- skrot”. – Det er folket frå gardane fram-med fjorden som og stemner til Holandssjøen, for i dag skal dei setja ut storbåtane og reisa til Lofoten.

Han tek no så smått til å ljosna.

Køyrarane har sett hestane inni i nausta eller burt-til naust- veggene i livd for verste nollen.

– No kom der just ein ‘leinamann og la åt i Blåfjell-støa.

– Nei, så underleg som både mannen og båten ser ut.

– Ja, det er han Stut-Pe-Nils, – han går alltid i sid vålmålskufta med standkrage. Og på hovudet ser du han har teger-hatten, som han sjølv har bunde. Utanpå hundskinnshuva har han denne hatten. Han er som ein halv-galning, ser du, og han plar jamt vera “ropar” når det er båtsetjing. Båtskarven dernede, er ein gamel vefsn-færing han har sett gavl i, – så han ser mesta ut som ein joll.

– Ser du han som kjem ruggande burtover øyra med hendene på ryggen? – Det er han Ås-Danel. Han er og som ein halv-galning, og plar støtt vera frampå der det vankar god mat og brennevin.

– Eg spår det vert leven når han og Stut-Pe-Nils møtest. Ingen muar annan, og dei vil begge vera den gjævaste roparen. Og kjenner eg gluntane rett, vågar eg dei gjer kva dei kan for å få dei i hop. Og dei sparer nok ikkje på drammane heller.

Høvesmennene har no rådført seg segimellom. Og no samlast nokre båtlag i Øygards-naustet, og det ber til med utsetinga. – Når karane har fått ryggen godt innpunn båtsida og kome seg i tak, stiller han Stut-Pe-Nils seg opp på eine sida og ropar:

– Set-i-æ-hå -!

Han skrik med ‘n har mål, men båten rikkar seg ikkje.

– Det går ikkje dette, seier høvesmannen, du må komma hit, du Danel, og hjelpa oss. Han Nils greier ikkje å syng’n laus.

No tek dei til å skrika i kor, kvar på sin måte. Den eine bed den andre halda kjeften, for han kan ikkje ropa. Så løkstar og hutar dei einannan på dei verste stelle dei veit. Og både gutane og dei eldre gjer kva dei kan for å få dei retteleg i håran på einannan.

Men endeleg tek då båten til å kry ut gjenom naustdøra, og når han først har kome på glid og ut, går det heller fort. – Flaska går stundom mann-i-mellom, og roparane vert ikkje avgløymde, skulde eg tru. På sluten er det så vidt dei stavrar seg fram til båt-nausta. Og dei ropar og skrik både i tide og utide. Det er eit heilt syndføre.

Det lid fram til middags. Dei fleste båtane er alt komne på sjøen, og mange har fått inn største parten av fard-skrotet – kistor, tynnor, ved og meir slikt.

Frostet og frostrøyken har lagt seg noko. Og no har det samla seg ein heil liten ålmuge, – kallar, kjeringar, gluntar og gjentor som skal be farvel med lofotkarane. Og alle får dei lefsa og fard-dram.
Mellom folket ser du mange finnar og finskor med skinnmuddar og komagar. Finnane ror lofotfiske nett som bumennene, og finskone er sjølvsagt med for å ta farvel med mennene;
Der burte ved Olfarsteinen, ser du ein finnelyd. Mannen og kona sit på huk mot einannan og røykjer skiftevis av ei stutt, svart kritpipa. – Barnet i stokken, har dei sett å-ende i snøen. Og det ser ut til å lika seg bra, endå så bitande kaldt det er. Dei goktlar og jøykar (syng), men du skynar ikkje eit ord. – Det er lett å merka at dei har fått skikkeleg i toppen, og dei drikk ofte av brennevinsflaska, som står tett attmed.

Der burte i smoget ved Samel-bua sit ein glunt og ei taus. Dei er ålvorsame og tagalle begge. Det er venteleg eit trulova par, som tek avskil med einannan.

Elles er gluntane kåte, serleg dei unge – skårungane – som gjer første farda. Men det er vonleg mest for å døyva heimekjensla og saknaden, som alltid ovrar seg når ein skal ut på langfard. – Du ser kor dei hundsar og gjer narr av dei som er for unge eller som av andre grunnar ikkje får vera med.

Du skal vel vera kurompstyrmann og ro i kjerringværa i vinter! – og fleire slike spitord kjem dei med.

I mellomtida har han Stut-Pe-Nils rodd båt-i-mellom og tagd seg ei brødskrukka, ein klining eller ein kavring. Og han har gjort ein heil fangst, ser det ut til. No ror han heim velnøgd etter dagsens skrik og skrål.

Fard-tyet har alt kome i båtane, og høvesmennene er oppi nausta for siste gongen og ser etter at ikkje noko er gløymt. Dei som er sterkast i overtrua, leitar seg tre steinar, som dei tek med seg og gøymer på ein løynd stad i båten.

Det har kome slik uro over folket no. Gamle-kallane og ung-gluntane lagar til sledane og leier fram hestane. Og høvesmennene skundar på, så dei kan verta seglferdige, før sjøen tek til å falla. – No vert det farvel og lukka på farda, og ung-gluntane skundar seg ombord med tåror i augo, medan mødrene ropar etter dei, at dei endeleg må kle seg godt og passa seg så dei ikkje vert forkjølde.
Straks etter er segla i toppen, og to-og-tjuge båtar stemner ut etter fjorden.

Alt skrik og skrål er tagna, og otte og ålvor har lagt seg over alle andlet. Korleis vil det ganga i vinter? Vil alle som dreg ut, koma heimatt? Og det stig opp mange inderlege og varme ynske om lukka på farda. – Berre små-gluntane held seg med mot. Dei trettar så håra fyk om kem som har snaraste og gjævaste båten. Alle trur han far har den gjævaste. Dei kjeklar om dette til siste seglet er burte attom Tangen, og frostet nøyder dei til å taka på heimvegen.

Burte ved Olfarsteinen ligg finska i snøen og søv ut rusen. Barnet i stokken har teke til å gråta – det er venteleg både kaldt og svangt. – Ei av konone frå næraste garden, som just går heim, tek stokken på ryggen. Ho ropar til glunten sin at han må gjørda finska på sleden og køyra ho heim, når han er ferdig og har læst naustdøra.

Men då finska vaknar utpå kvelden i stuegolvet, vanrusan og ør, spør ho med gråt i målet:
– Kvar bane mett e?

No er det stilt og fredeleg ved Holandssjøen sist i januar. Det er ingen som køyrer fard-ty, og ingen som ropar og set ut båtar. – Av dei fir-og-førti naust og buer som eingong stod der, er det att berre tre.

For dei gamle, som i sin ungdom var med i livet og kanskje drøymde om framgang og rikare vokster, er det tungt å gå på dei gamle toftene ved Holandssjøen. Dei tykkjer den nye tida med si omlegging og nyskaping har rana vekk noko av hugnaden og poesien i livet Den vene nordlandsbåten måtte vika for den plumpe listringen. Og no kjem motoren med bank og bulder og jagar vekk den siste rest av fred og poesi over sjølivet.

Men kem veit? Kanskje det atter kan veksa fram liv og verksemd større og rikare enn dei gamle drøymde om, på dei gamle toftene.

[Publisert: 30. jan 2004]

 

Sølvet på Båtstrandmoen
Jonsokaften 1882 var noen ungdommer samlet på Finnhaugen på Trøa (Båtstrandmoen) for å skyte på skiver. Skiva hadde de satt opp ved en bergvegg. Det var Nils Jonsson Båtstrandmo, Sakarias Pedersson og Anders Johansson Øygard. Gjetergutten på Trøa, Anton Pedersson fra Grøftrem, skulle anvise og varsla hvor karene traff.

En gang guten kom og skulle sjå etter på skiva, fikk han sjå det blenkte så bortpå berget der skiva stod. Han gikk bort til stedet, så ropa han: – Her er sølv, karer!

Dette hendte just i den tida de dreiv i sølvgruva i Svenningdalen. Det ble straks slutt med skytinga, og karene gikk heim. Men da var hundre og et ute, seier Bendik Strøm, som forteller om denne hendinga.

Om natta hadde Nils Jonsson vært på stedet og tatt en prøve av funnet. Tidlig neste morgen dro han til Ola Granmo og lærer Hvidsten og fikk de med seg til lensmann Havig og fikk skjerpesededdel på funnet. Etterpå ble det stor “oppstandelse”.

Bendik Strøm seier “at det blev en folkestrøm til Finnhaugen som lignet de gamle pilgrimsvandringene. Fundet saa saa lovende ut og vakte en slik opmerksomhet, at hadde disse findere begyndt at selge aktier, kunde de ha faatt mange penger, men lærer Hvidsten var saa op i den syvende himmel, at intet skulde selges. Der skulde bare arbeides kasser og skytes ut malm og sendes til Tyskland”.

Det ble solgt en aksje til distriktslege Bugge for kr 50.00. Men sølvet i Finnhaugen fikk en brå slutt.

Bendik Strøm seier at “det tog hurtig av i dybden og fortapte sig i et tykt jordlag”. Det var to kunnige bergmenn og så på sølvåra. Bendik Strøm seier at “lærer Hvidsten, som var noget hastig og ubehersket av gemyt, blev saa himmeltat av denne plutselige lykke, som glinset, at han blev nærmest fra sig. – Han gik til nabogaarden og skulde faa laane nogen hjelpemidler til mineringen i Finnhaugen, men tok i stedet et nøsttre i haanden og sprang i vei med, men konen paa gaarden sprang da efter ham og fik ham til bevissthet.

En slusk av en anlegsarbeider fra Dovretraktene skulde lede arbeidet. Han var dreng paa Granmo, og hadde moro av at synge ukyskelige viser, som ofte er blant den klasse mennesker, men de andre var saa forstyrret, at de sang med under arbeidet”.

Kilde: Drevjaboka av Gunnar Holand
(Publisert 9. nov. 2003)

 

Drevjavisa
Fra eldgamle tider har det vært skikk å laga nidviser. De greip gjerne til det når det var noen de ville henge ut.

Drevjavisa var ei slik vise. Både av form og innhold er det et lappverk. At ikke visa har gått i glemmeboken for lenge siden, kommer vel av at den ble sunget på et sted det slett ikke høvde seg. Ho ble sunget i Dolstadkirka første juledag 1722. Presten Ole Broch kunne, som rimelig var, ikke lata et slikt helligbrøde skje uten påtale. Han meldte saka til retten.

Albert Nilsskog har gransket rettsboka som handler om denne saka. Og med han som kilde er det tatt med noe av rettsforhandlinga.

Visa er ikke dikta med en gang eller av en mann, og ho er trolig laga ei god stund før ho ble sunget i Dolstadkirka.

Grunnen til denne striden som var bakgrunn for visa, var en dagligdags hendelse på sildevågen i Leirfjorden. Leirfjorden hørte den gongen til Vefsn.

I 1722 var det et godt fiske der, og det var mange båter både frå Drevja og Vefsn ellers. Ei drivgarnslenke hadde drive på ei lenke som stod for ile (klar til å dras opp), og da drivgarnsmannen skulle dra opp garna, fant han berre halvparten. Etter noe kjeftbruk med eieren av settegarna, som drivgarnsmannen trudde var tjuven, rodde drivgarnseieren bort – og sang Drevjavisa.

Markus Olsson Andås ser ut til å være opphavsmannen til Drevjavisa. Han fekk noen andre i lag med seg, og de ble enige om å synge visa første juledag under høgmessa i Dolstadkirka.
Da gudstjenesten kom så langt at ofringa tok til, (det var et høgtidsoffer til hjelp for de fattige), stemte Jakob klokker i med den kjente salmen: “Al den ganske Kristenhed”. Samstundes sette Markus Andås og kameratene hans i med Drevjavisa – “til agtværdige bønders store forargelse”.

Høsttinget for Vefsn ble holdt i Kulstadsjøen. Høsten 1723 ble disse stilt for retten:
1. Mathias Anfinsson, Kulstad
2. Markus Olsson, Andås
3. Elias Jonsson, Marka
4. Jon Jonsson, Hals

Det var for å stå til rette for det de hadde med Drevjavisa å gjøre, – “og samme Vises forargelige øven og Brug udi Dolstad kirke sist afvigte Juledag”.

Lagrettemennene var:
Jon Øystensson, Nilsskog
Ingebrigt Ingebrigtsson, Kvalfors
Øysten Jakobsson, Moldrem
Mikal Kristensson, Smedseng,
Mikal Pedersson, Herringen
Lars Hansson, Åkvik
Peder Olsson Sund
Lars Jakobsson

Av de tiltalte var det en som ikke møtte, Jon Jonsson. Han hadde tjent hos skipperen på Hals, men på denne tida var han i tjeneste hos Isak på Karveskjeret (i Alstahaug).
Saka ble derfor utsatt til vårtinget for Alstahaug. Det ble holdt i Hellesvik 9. mai 1724.

De saksøkte ville ikke ha noe med visa å gjøre. De forsøkte i det lengste å vri seg fra ansvaret sitt ved å skylde på andre. Men av det som kjem fram under rettssaka, viser at de ikke er så uskyldige som de selv vil ha det til. Etter mange vitneprov mot seg, måtte de innrømme at de hadde sunget visa i kirka under høgmessa juledagen.

Markus Andås måtte innrømme at han har dikta første verset. Det er referert slikt i retten:

Nu kom Drevjemanden fram
Med en stav tre Alen lang.
Deres Kofte er baade vi og si
Og der hang Blå-Hætten attan i til ævig Tid.

Andre verset må Jon Jonsson Karveskjeret ta på seg:
Hør du nu du gamle Rau
Augen stor og Skolten snau
Deres Kofte er baade vi og si osv.

I rettsprotokollen heter det at Markus Olsson Andås
“. . . . .. forklarede, at da han forleden Aar var paa Sildtur i Leirfjorden begav det sig at Jon Jonssøn, nu tjenendes hos Isaach paa Karveskjeret, men den tid tjenendes hos Skipperen paa Hals, blev av med sine Garn, som Tomas Ellingssøn fratog ham, fordi han med sine Drivgarn kom Tomas’ Garn, der stod Ile, for nær. Efter nogen Skjænderi dem imellem roede Jon Jonssøn ærgelig sin Vei og begyndte at synge noget av samme vise, og det var første Gang han hørte den. Da han kom Hjem igjen, hørte han at Visen var bleven almindelig, baade unge og gamle sang den, og selv Børnene paa Prestegaarden, hvor Deponenten da tjente, sang og nynnede paa den.
. . . . .. Da han kom til Vaagafisket nu sidste Vinter, hørte han Visen sunget paa en helt anden Maade end tidligere og med saa mange Tillæg, at han fik en stor Avsky for samme Drevjevise; deraf sluttede han og, at en aldri alene kunde have digted den, og han sang den heller ikke senere. -“.

Etter at alle vitnene var avhørte og det var bevist at de saksøkte hadde sunget visen både i kirka og andre steder
“. . . . . erklærede samtlige Anklagede derpaa, at de havde digtet og sunget Visen av Ungdoms Letsindighed, og bad de derpaa ydmygeligen om Tilgivelse, samt lovede, at de efterdags aldrig mere vilde synge eller give Anslag paa at samme Drevjevise blev sunget.”
“Citanten bJegjærede derpaa, at paa det saadan slem Gjerning og Eksempel ikke skulde tage Overhaand i Menigheden, maatte de andre til Afsky vedbørlig straffes og mulkteres, samt tillige at betale Sagens Omkostninger.”
“Om endskjønt den hele Akt synes at ville anse disse fire Personer som Aktører og første Ophavsmænd til den saakaldte Drevjevise, og Citanten derfor indstiller paa, at de derfor skal ansees med saa meget haardere Straf og Lidelse, saa er det dog tvilsomt, naar de første Vidners Udsagn sammenholdes med de Tiltaltes egen Bekjendelse bliver vel betragtet.

At de 4 Anklagede alene skulde være Componenter eller at de skulde have gjort det meste av den, kan ikke vel skjønnes. Thi det vil klarlig sees af de gjorte Forklaringer, at der haver været mange andre, som haver øvet Kunsten, den ene lagt noget til her og en anden der, ligesom enhver har hatt et hadefuldt Hjerte til sin Næste og appellert til.

Og som nu disse her for Retten viser med Taarer en hjertelig Fortrydelse og vemodig Beklagelse over denne deres Ungdoms Uforstandighed og Daarlighed, lovende og forpligtende sig herefter aldrig denne saakaldte Drevjevise eller lignende slemme og ufordragelige Viser efterdags at synge eller bruge, men alt saadant af ganske Hjerte at hade og afsky, ligesom de hjertelig er bedende Retten ei udi strengeste maade denne deres Forseelse vilde ansee, da bliver for disse Anklagedes bJegaaede Brøde saaledes kjendt for Ret og billigt

At Mathias Anfinssøn Kulstad, Markus Olssøn Andås, Elias Jonssøn Marken, og Jon Jonssøn Karveskjæret bør for denne deres forargelige og usømmelige Sang og dennes Øvelse og Brug baade i Kirken og paa andre steder, ved aabenbar Skriftes Standelse i Dolstad Kirke afbede hos Gud og den fornærmede Menighed deres grove Forseelse og desforuden straffes og mulkteres enhver for sig til de fattige Børns Skoleunderholdning 2 Rdlr. og i denne Sags Omkostninger enhver 8 Skl. danske, alt inden 3 uger. Således passeret dømt og afsagt.
Anders Gyth, cst.”

Her er Drevjavisa slik som Hans Nilsson Holand har skrevet den:

No kjem Drevje-me’n fram
mæ senæ pikstavæ tre æl’n lang.
Gråkofto va både vi og si
og blåhetto hang dar attån i
i juleti.

No kjem Drevje-kjerrengan fram,
snør-luren hang og seklo rann.
Di ofræ præsten en skjelleng hell to.
Klokkar’n fekk inkje, så måle ut-go
i juleti.

No kjem småtaus’n treppan fram,
lomman utånpå skjørtan hang.
Di va så kaut, di va så staut,
di va så enfållo så tvåro i graut,
i juleti.

Kom no fram du Drevje-Knut
mæ den mæræ du stal dar ut.
Ståkkjen va tvær, å mæræ va sjær,
så får han all nattæ å ropæ:
pro mær, pro mær!

Drøvlands-me’n oppi en båt,
hestrompo skar di a tett innåt.
Kjeipan di vest både att og fram,
di kastæ i ålvæ et levenes lam.
Dæ va i stor skam.

No kjem du fram, du Drevje-Rau,
Auon va stor og skolten va snau.
Mæ krullæ hår og pikje skjegg,
han pekkæ sin pikstav i kjerkje-vegg,
i juleti.

Kommentar: Ut-og, “go” er gammel for å gjø i preteritum (imperfektum) (å gjø som hunden)

Siste verset har forfatteren fått av Albert Nilsskog, som igjen har fått det fra sorenskriver Fr. Havig. Det kan ikke ha vært slik i begynnelsen, for i første verset er skolten snau, og i siste verset er håret krølla. Det er vel helst to vers som er blanda sammen.

Ser en på vise med litt kritikk, er det lett å sjå at det ikke er same mannen som har laga alle versa. De tre første som har end- inga “i juleti” er trolig laga av same mannen, og ble trolig sunget i kirka. Men de andre er dikta av noen annen, og hører nok til de versa som er laga av et “hadefuldt Hjerte til sin Næste”, som det heter i rettsutgreidinga. Begge disse versa er adresserte til navngitte personer, – Drevlands-mennene og Drevje-Knut, og de har ikke endinga “i juleti”.

Drevjavisa hører til ei forgangen tid. Men fortsatt finner vi igjen noe av den same tenkemåten i mange bygder eller bygdelag: Jeg er bedre og klokere enn de andre. Men det gir seg sjelden så krasse utslag som i Drevjavisa.

Markus Olsson var berre ungdommen da han var med og laga Drevjavisa og sang ho i kirka.. Han tjente hos hr. Ole Broch på Dolstad. Han gifta seg siden til jord på Andås. Han var en aktverdig mann i bygda. Han var gift to ganger. Andre kona hans var i fra Forsmo i Drevja.

Kilde: Drevjaboka av Gunnar Holand