Gårdshistorie

SmalburemmenSmalburemmen – Frode sin slektside | Kvanndalen | Grøva | Holmen | Gullmoen | Enget | Brattlia

Stor interesse for gårdshistorie
Det var ca. 50 som møtte opp på bygdehuset i Øvre-Drevja sist søndag da Espen Andresen presenterte gårdshistorien for Ømmervassbygda og Øvre-Drevja. Et prosjekt som har pågått i mer enn 6 år.

Espen framhevet den støtte og velvilje han har fått fra lokalbefolkninga i arbeidet med å samle stoff til boka. Han vil savne alle besøkene rundt om på gårdene og berømmet den gjestfrihet som han er blitt vist.

Bildet viser en lettet Espen Andresen etter å ha satt siste punktum for gårdshistorien for Ømmervassbygda og Øvre-Drevja. Les mer om “Gardshistorie for Vefsn” her.
[15.12.2006]

 

Smalburemmen
(Teksten er slik Gunnar Holand skreiv den i 1948)

Den første vi veit om av brukarane på Smalburem heite Erik. Dei fortel at han som tok opp Smalburem og bygde seg hus der, hadde med seg ein saubog til mat då han bygde. Denne bogen, som han hadde gøymt i skogen, kom bort under arbeidet. Han var kanskje stolen. – Dette skulle så ha gitt grunn til namnet Smalbogrem, som så sidan har vorte til Smalburem.

Han er best kjend under namnet Rem-Erik. Han var gift med ei Karen Larsdotter frå Hemnes, og budde på Smalburem kring 1750. Dei hadde 7 born. Karen do i 1790. Om Rem-Erik går det mange segner og sogor.

Det ser ut til, at ætta hans har budd på garden fram til 1800-talet. Etter Erik kjem det ein Nils Eriksson. Og etter Nils kjem ein Anders Olsson, som kanskje har vorte gift med dotter hans Nils Eriksson.

Så kjem Ola Andersson. Kona hans heiter Beret, – Rem-Beret som ho mest vart kalla. Beret var kjent som signe-kjerring. Ho vart mykje søkt når nokon vart sjuk på ein måte dei trudde hadde sitt opphav frå underjordiske eller hybiske.

Ola Andersson var frå Auna i Opplandsbygda. Han levde fram til 1890. Dotter hans, Kari, vart så gift med Lars Henriksson frå Blåfjell. Han hadde garden ei tid. Men han armodast frå garden.

Kring 1890 kom så Ole Hyttebakk dit. Han kjøpte Smalburem av Angellske Stiftelser. Ole Hyttebakk var frå Gudbrandsdalen. Han vart gift med Marit Klemmetsdotter, ei søster til Ole Klemmentsen. (Ole Klemmentsen var ordførar i Vefsn i mange år).

Smalburem var den gongen ein av dei beste skoggardane i Drevja, og Hyttebakk har selt mykje skog.

Sønene, Birger og Ingvald, bytta jorda mellom seg. Men Ingvald som hadde hovudbruket, selde parten sin til Karl Rosvoll (og Anna f. Sørstad) kring 1920. Karl Rosvoll har garden enno (1945).

I slutten av føre hundreåret var familie-tilhøva på Smalburem noko flokåt. Ola Andersson hadde ei søster som heite Marta. Ho hadde to born utan å vera gift – ein gut og ei gjenta. Guten heite Ivar, og gjenta Ane. Far til desse to borna heite Ivar. Han var son til den kjente Dal-Milla frå Blåfjelldal. (Ane Ivarsdotter var noko små av seg. Ho do kring 1938 over 90 år.)

Ei tid etter at Marta hadde fått dotra Ane, kom det ein gudbrandsdaling rekande oppigjenom Drevja. Mannen heite Ola – med tilnamnet Skinnbrok-Ola. Han gav seg i lag med Marta, og det vart lyst for dei i kjerka, men lengre kom det ikkje. Han Ola var ikkje vakker å sjå til. Han var blind på det eine auga og hadde mange arr i ansiktet etter slag og knivstikk. Han var uærleg og hadde visst vore på tukthuset to gonger. Desse to – Ola og Marta – levde no i lag som ektefolk. Dei onna i utmarka og hadde både geiter og sauer.

Skinn brok-Ola var som ein fagmann i å grøfta og leggja opp nyland. Dei bruka berre spade og hakka den gongen.

Ein gong var han på Holand hos Nils Andreas Nilsson og la opp land, og då fekk han høve til å stela ein fell og nokre fellskinn. Han vart dømt og straffa for dette.

Ola Nilsson Holand, som eg har snakka med om dette, seier han minnest Skinnbrok-Ola. Han stal ikkje fellen og skinna den gongen han var der i arbeid. Men han fekk då greide på kor skinna var, og kor det høvde til med lås og stengsel. Det var om vinteren han stal. Det som hjalp dei å finna tjuven, var vegen etter han. Det hadde snøa litt om natta. Han hadde bore fellen og skinna i Voll-lada, og der hadde han grave dei ned i høyet. Han hadde grave dei så djupt at dei som heldt på og leita, så ner hadde gitt opp heile leitinga. Han hadde ikkje grave ned alt. Nokre skinn hadde han teke med seg til Per Hallvardsson Lindset-fallet. Der låg han om natta. Ola Nilsson seier det var Hans N. Holand som stod for etterforskinga.

Det måtte soleis vera anten i 1861 eller 62, for i dei åra var Hans N. Holand dreng hos C. M. Havig.

 

Kvanndalen
No er folket flytt frå Kvanndalen. Garden er borte. Dette skreiv Reidar Svare i en artikkel som sto i Helgeland Arbeiderblad i 1972. Heile artikkelen hans følger nedenfor, slik som han skreiv den.

Dette er ein av dei mange utkantgardane som ikkje gir det økonomiske utbyttet som krevst i vår tid. Men det er likevel ein nokså gamal gard. Han må vera opptatt rundt 1680. Før den tida nytta øygardane (Øyen-gårdene) Kvanndalen til seter. Første gongen eg finn Kvanndalen nemnt i dei papira eg har for handa, er i folketellinga frå 1701. Bruket blir då kalla “Rudnings-Platz”. Brukaren heiter Olle Tostens.

Viser her eit bilete som sto i H.A. for eit år siden (11.12.-1971).

Det sto som illustrasjon til eit stykke eg kalla ” Kornlåven og den gamle garden.”
Den gongen hadde eg ingen opplysningar om biletet. Det same var tilfelle med dei eg fekk det av. Men det er eit godt og interessant bilete. Ein legg særleg merke til låven midt på biletet. Nett slik såg dei gamle låvane i Vefsn ut. Steinfjøsen ved sida av er litt uvanleg til her i Vefsn å vera. Slike fjøsar var det få av.

Det var derfor ønskeleg å få greie på kvar biletet skreiv seg ifrå. Og det fekk eg fort. Det var Kvanndalen. Det var det mange som visste. Og folket på biletet var det heller ikkje vanskeleg å få greie på. Det viste seg og at biletet var tatt i 1914.

Først folket. Dei er sett frå høgre:
1. Johan Andersen /Kvanndal, d. ca. 1942. 85 år gamal. 2. Kona hans. Olianna Bentsdtr., d. ca. 1943. 3. Nils Hagfors. 4. Kona hans. Emma, f. Øien. 5:Normann Øien (bror til Emma).
Nils Hagfors reiste til Amerika i 1914. Han var heime ein tur i 1914, og 1918. Det må vera då at biletet vart tatt.

Litt historikk om Kvanndalen 
No er folket flytt frå Kvanndalen. Garden er borte. Dette er ein av dei mange utkantgardane som ikkje gir det økonomiske utbyttet som krevst i vår tid. Men det er likevel ein nokså gamal gard. Han må vera opptatt rundt 1680. Før den tida nytta øygardane Kvanndalen til seter. Første gongen eg finn Kvanndalen nemnt i dei papira eg har for handa, er i folketellinga frå 1701. Bruket blir då kalla ” Rudnings-Platz”. Brukaren heiter Olle Tostens, 53 år. Han har ein son, Tosten, 4 år. Så er der ein inderst. Joen Nielss, 45 år. Folk av kvinnekjønn er ikkje tatt med i denne tellinga.

Det er grunn til å tru at Ol’ Torsteinsso var første brukaren i Kvanndalen. Den første tida er han for husmann å rekna. Men i 1723 kom Kvanndalen med i matrikkelen og fekk eige gardsnummer og vart sett i skyld, 9 mark fiskeleige. Denne skylda svarar til vel eit kilo tørfisk. Det var leiga jorddrotten skulle ha for garden.

Til samanlikning kan vi nemna at mange av dei utkantgardane som kom med i matrikkelen på denne tida, vart sett i 6 mark fiskeleige. Det var minste skylda nokon gard i Vefsn vart sett i. Det var gardar som Bjørnvollen, Skjørleita, Stordalen, Øvre og nedre Svenningdal og mange, mange fleire, Øvre Svenningdal vart sidan delt i to, og då fekk dei ei skyld på 3 mark kvar.

Folketalet auka mykje i Vefsn på seksten-syttenhundretalet. Petter Dass sa: alt for mykje. Etter å ha delt opp dei gamle gardane nede i bygda i alt for småe bruk, vart overskotet av folk tvinga oppigjennom fjelldalane og langt ut i avskjeklene.

Dei sette seg ned mange stader der vi i dag ikkje kan forstå at folk kunne livberga seg. Men det er mykje folk må ta til takke med når nøda går på. Snakk ‘kje om det!

Folket og garden i 1865 
Det ser ut til å ha budd folk fast i Kvanndalen heilt fram til vår tid. Men å setta opp ei fullstendig liste over brukarane har eg ikkje materiale til. Vi hoppar derfor fram til 1865 og ser kva vi då finn av opplysningar om Kvanndalen. Det året har vi både ei fullstendig folketelling og ein detaljert omtale av alle gardane i bygda, utført av den kommisjonen som førebudde ein ny matrikkel.

Brukaren i Kvanndalen i 1865 heitte Peter Nyqvist, 31 år, svenske. Var gift med Nikolina Guldbrandsdtr., 28 år, f. i Lands prestegjeld. Dei har tre born, 6, 4 og 2 år.

Foreldra til Nikolina, Guldbrand Nilsen, 58 år og Agneta Johannesdtr., 61 år, begge to frå Land, bur på garden. Dei har 5 ugifte born heime hos seg. Det var såleis i alt 12 menneske på garden.

Om garden dei skulle livberga seg på, er å seia..
Av oppdyrka åkerland var der 5,5 mål bakkåt sandjord. Naturleg england er sett til 20 mål. Bratt og med mykje stein. Hamninga er god, nok til 12 kyr. Skog nok til ved og never. Nesten fritt for bygningsmaterialer.

Utsæd 
3 våger bygg (ca. 54 kg.) og 3 tynner potetes. Det er ingenting sagt om kornavlinga, men dei fekk 20 tynner potetes.
Husdyr: hest, 5 storfe, sauer og 4 geiter.

Det heiter elles om garden at “Avlingen af Korn bliver ofte ikke moden. Potetes lykkes derimod gjerne hvert Aar.”

Her legg eg til at Guldbrand og sonene hans, var mykje opptatt med skogsarbeid. Dei hadde mellom anna drifter i Sørvassdalen den tid Engelskbruket dreiv (1867-85).

Ein Sivert Guldbrandsen, truleg son til Guldbrand Nilsen, vart brukar i Kvanndalen. Dei seier at det var han som bygde steinfjøsen vi ser på biletet. Når det var så lite med tømmer i Kvanndalen, fann han vel ut at det var like greitt å mura seg steinfjøs.

Eigedomstilhøva
Kvanndalen hørte frå gamalt til den delen av Vefsn-ålmenningen, som Bech’ane i Kulstadsjøen var eigar av. Gjekk over til sorenskrivar Alexander Holst, Belsvåg ca. 1811. Var med i det godset Engelsbruket kjøpte av Holst’ane i 1865.

Kva tid brukarane i Kvanndalen kjøpte garden, veit eg ikkje visst, men brukaren i 1875, Johan Gotfred Sivertsen, er kalla sjølveigar.

Ein gong rundt hundrårsskiftet (i 1892), vart Johan Andersen Kvanndal (han vi ser på biletet) eigar av Kvanndalen. Sidan, ca. 1905. kjøper han garden Fredlund på Øya av Jørgen Holt, Mosjøen. Kvanndalen nytta han så til seter fram til 1916. Då flytte son hans, Bernhard til Kvanndalen, (i 1915), og vart brukar der. Men alt i 1918 selde han Stor-Kvanndalen til redaktør Jon Try. Dette nye bruket fekk det gamle namnet Setermoen. Sidan, ca. 1924 (1925), selde Bernhard resten av Kvanndalen til Try.

Rundt 1930 greidde ikkje Try å sitta med Kvanndalen lenger. Konrad Kristiansen Fredlund frå Olengåsen i Marka, gift med dotter til Johan Andersen Kvanndal, kjøpte så Kvanndalen. Etter det kom det ingen brukar til Kvanndalen meir. Dei bruka Kvanndalen som seter og slåttland til etter siste krigen. Sidan har det vore sauhamn. No er Kåre Fredlund eigar. (Kåre Fredlund døde i 1986).

Komponisten Johan Kvandal
Før eg sluttar denne omtalen av garden Kvanndal, kan det vera av interesse å nemna at komponisten Johan Kvandal har namnet sitt der ifrå.

Det har seg slik. Brukaren i Kvanndalen i 1830-40 åra heitte Johannes Olsso. Han hadde ein son. Johan Jakob Johannessen (1830-1911). Han var glasmakar, busett i Mosjøen. Var mykje med i offentleg styr og stell. Ein av sonene hans, Mikal Johansen, var forretningsmann i Mosjøen.
Kona hans var fødd Barth (dotter til fogden Barth). Dei hadde, sonene David Monrad Johansen, komponisten, og Harald Barth, kjøpmann i Mosjøen. Son til David Monrad Johansen har tatt namnet Kvandal. Det er namnet oldefar hans hadde retten til.

Så no veit lesarane kvar komponist Johan Kvandal har namnet sitt ifrå. Han er i slekt med storparten av folket i Vefsn.

TILLEGG 
Nedanfor ser vi eit meir detaljert bilete som syner personane på bilete over.
Dei er sett frå høgre:
1. Johan Andersen /Kvanndal, d. ca. 1942. 85 år gamal. 2. Kona hans. Olianna Bentsdtr., d. ca. 1943. 3. Nils Hagfors. 4. Kona hans. Emma, f. Øien. 5:Normann Øien (bror til Emma).

I folketellinga frå 1900 går det fram at de bur 10 personar i Kvanndalen, klikk her for 1900-tellinga…

Bosetting i Kvanndalen 1900
Johan Anderssen, gårdbruger (selveier), f. 1857
Olianne Bendiktsdtr. gårdmandskone f. 1860
Bernhard Johansen, gårdsdreng f. 1884
Peter Johansen, sønn, f. 1896
Julianne Johansdtr. tjenestepige f. 1881
Aasa Johansdtr. datter f. 1886
Petra Johansdtr. datter f. 1889
Ragna Johansdtr. datter f. 1891
Aminda Johansdtr. datter f. 1896
Olaug Johansdtr. datter f. 08.07.1899

Bosetning i Kvanndalen i 1875
Johan Godfrid Sivertsen Gaardbruger Selveier f. 1853 i Grong Prestegjeld
Grede Anna Andersdatter Kone f. 1854 Vefsen Prestegjeld
Anna Matilde Johansdatter datter, f. 1875 Vefsen Prestegjeld
Berith Nekolaisdatter, Tjenestepige f. 1830 Vefsen Prestegjeld
Marselius Jørgen Kalssen f. 1868 Vefsen Prestegjeld

Bosetning i Kvanndalen i 1865
Peter Nykvist, Husfader, Leilending g 31 år, f i Sverige
Nikoline Gudbrandsd. hans Kone g 28 år, f. i Lands Præstegjeld
Augustinus Nykvist, deres sønn, 6 år, f. i Lands Præstegjeld
Karolius Nykvist, deres Søn 4 år, f. i Vefsens Præstegjeld
Pauline Nykvist deres Datter ug 2 Vefsens Præstegjeld
Gudbrand Nilss. Føderaadsmand g 58 år, f. i Lands Præstegjeld
Agneta Johannesd. hans Kone g 61 år, Lands Præstegjeld
Ole Gudbrands. deres Søn ug 24 år, Lands Præstegjeld
Alita Gudbrands. deres Datter ug 29 år, Lands Præstegjeld
Inger Gudbrands. deres Datter ug 19 år, Lands Præstegjeld
Julianna Olsd. deres Datter ug 16 år, Vefsens Præstegjeld
Gustav Gudbrands. deres Søn ug 9 år, Lands Præstegjeld

Kilde: Reidar Svare
Lagt ut på drevja.com: 27. sept. 04

Les mer: Helgetur til Kvanndalen |

Gullgruva i Kvanndalen
For omlag femti år sidan, rundt hundreårs-skiftet, var det ei kone i Mosjøen som drøymde at ho hadde funne gull! Ho var på ein framund stad, drøymde ho. Det var ei ålv og ein fors, og over forsen gjekk det ei stokk-bru. Ho kom og gjekk over brua i draume, og der på andre sida var det eit berg som det skein så vakkert i. Og då ho skulle sjå etter, var det gull i berget.

Ho såg draumen så livaktig for seg, då ho vakna, – ålva, forsen, brua og berget. Men ho visste aller ho hadde vore ein stad det såg slik ut.

Kona fortalde draumen sin, og folk tala mykje om dette. Dei dreiv mykje med skjerping i denne tida, og denne gull-draumen var noko som sette fantasien i sving.

Mannen i Kvanndalen fekk og høyra om denne draumen, og kom til å tenkja på at det høvde godt med landskapet ein stad der oppe. Han for til Mosjøen og fekk kona med seg åt Kvanndalen. Og då ho kom ditet, såg ho med ein gong at alt var slik ho hadde drøymt det.

Og no drygde det ikkje lenge før skjerparane kom og sette i gang drift. Dei fekk til eit aksjelag med ein kapital på omlag sju hundre kroner. Mange av dei fremste menn i Vefsn og Mosjøen var med på dette. Dei dreiv ein heil somar med 5-6 mann. Men det vart to smått og eitt lite med gullet.
Det kom ein geolog, A. Hoel, og såg på skjerpet. Han fann ut at “gullet” var ørsmå korn av koparkis og svovlkis-krystallar.

Det var i eit marmorberg dei hadde drive.

Av slike soger som denne kan ein skjøna at trua på draumane må ha vore sterk.

Kilde: Reidar Svare: Far etter fedrane