Historisk krydder

Ivar Åsens reise i 1846 |

Det første lokomotivetPresten Lars Midtbøe Pe Larso – båtRøsdalsmordet | Mordet på StraumGraver i Drevjas historieRøverne på Tveråsen | Skytterlaget FRAMGravskikker i Drevja  | Drevja – historie – årstall | Bilder fra 17. mai feiringa på Toven på 1960-tallet Mordet på Straum | Verdens nest eldste skiGullfunnet på Skaland  | 4000 år gammel pilspissRågjerd – frå Drevjen | Sommeren 1930Beviset forsvant| Drevja meieriHeimebrenning i DrevjenJakob våthatt | Jul-otto |

 

Bustadbankgarantier i Drevja i 1958
Kilde: Nordlands Avis 17. juni 1958
Det er i siste kommunestyremøte gitt kommunal garanti for disse soknader: Til Norvald Stordal til oppføring av driftsbygning kr. 20 800, til Ottar Kalnes til oppføring av driftsbygning kr. 17 500, til Erling Drevland til driftsbygning kr. 38 000. Kommunen har vedtatt å stå ved sin garanti til Karl Rossvold for lån i Bustadbanken selv om banken frafaller sin panterett i parsellen Myrlund.

 

Folket på Linnerud
NRK sendte dette opptaket den 11. juni 1967. Se opptaket her…

 

Forsmo skole 1957
Dagfinn Brattbakk har sendt et klassebilde fra Forsmo skole. Bildets eier er Johan Knudsen. (Klikk på bildet for å få opp en større versjon…).

17. mai på Forsmo skole i 1945 | Forsmoen | Ingvald Forsmo med familie |

Helgeland Teglverk
I september 1959 ble den første teglstein produsert. Den første steinen gikk til telegrafbygget som da var under oppførelse i Mosjøen. Bedriftens første direktør var Arne Claudi.
(Publisert: 16.06.2010).  Les mer..

Veibygging i Drevja
Toventunnelen er Nord-Norges lengste vegtunnel med ca. 10,7 km. Første spadetak ble tatt i januar 2010. Gjennomslaget kom 08.02.2012. Tunnelen ble ferdig høsten 2014. Fv. 78 Arm Ømmervatn er ei av Norges mest kjente vegstrekning etter eksplosjonen som skjedde 17. desember 2013. Eksplosjonen i Drevja ble registrert over 400 kilometer unna. Denne vegstrekninga ble ferdig høsten 2014.

Også på 30-tallet ble det bygd veier i Drevja/Drevvatn. Jørgen Nyheim fra Drevvatn, skreiv i sin berømte dagbok, følgende om veibygging den 19. juli i 1930: “I denne uken har det pågått stikking av vei Drevja – Sagbakk. Veien er stukket fra Strømsmyra i Drevja oppover på venstre side av Drevjeelva. Det er meningen at det skal bli den vordende riksvei. Den er stukket både på Drevvassiden og på Dyrhaugsiden. (Denne veiparsellen ble for øvrig stukket opp allerede i 1916, men forbindelsen Drevja til Drevvatnet ble ikke realisert før sist på 1950-tallet).

Mer om Toventunnelen: Åpningsdato – Bilder fra mars 2010Gjennomslag
Kilde: vegvesen.no
(Publisert: 10.03.2014).

Det første lokomotivet som kom til Vefsn

Bildet av lokomotivet er tatt ved Kvalfors i 1937. Dette var det første lokomotivet som kom til Vefsn.

Navnene på de 3 personene helt til venstre, mangler. Oppe til venstre (med pipe) står Konrad Olsen, til høyre for ham; Rudi Berg Nilsen, videre Nils Alnes (sittende), Håkon Johnsen (med lys caps, sittende), foran Håkon står Bjarne Karlsen, videre Ludvig Rokås, Kleivan, Audun Karstensen, Agnar Søfting, Norvald Bechsen, Nils Kvalfors, Magnus Edvardsen, Harald Jakobsen, Halsan, Ole Sæther, Torbjørn Tuven, Bjørgen, Thorvald Thomasen, Aksel Johnsen, Hans Jensen og Gunnar Holmen (på bakken – til høyre)

I følge Svein Sando, leder Norsk Jernbaneklubb, Forskningsavdelingen, er lokomotivet høyst sannsynlig nr. 66 som ble bygget av Dübs i Skottland i 1891. Det var i drift i Trondheim jernbanedistrikt fra januar 1937 til august 1940. Loket ble tatt ut av drift i 1954.

Bildet finner du også her…

Se bildet som viser bygging av jernbanebrua på Kvalfors, her…

 

Presten Lars Midbøe
I april 1928 flyttet den nye sognepresten Lars Midbøe med familien fra Hamarøy til Mosjøen. Det var Martin Hustad fra Mosjøen, som oppfordret Lars til å søke den ledige stillingen som sogneprest i Mosjøen, Drevja og Grane. Lars Midbøe fikk jobben og han og familien bodde på Dolstad fram til 1945. (Publisert: 07.03.2016). Les mer om Lars Midbøes første møte med Mosjøen i 1928.

 

Pe Larso – båt 
Fra Lesja har jeg fått følgende e-post:
Saken er at jeg har liggende en spesiell robåt. Jeg berget den etter at den hadde ligget ute eierløs og for vind og vær i flere år. Den har et påskrudd skilt der det står:
«Pe Larso I» Byggeår: 1974
Konstruktør: Peder Larsen Stimo
Verft: Ottar Stordal
Eier: S.D. Haagensen

Jeg har hatt båten liggende i en garasje i 6-7 år. Har hele tiden skjønt at dette er en meget spesiell båt. Har aldri tidligere sett en så smekker og lett robåt. Den er bl.a. uvanlig lav. Har vært veldig nysgjerrig på hvordan den ville oppføre seg i sjøen. Problemet er bare at den er i temmelig dårlig forfatning. Har hatt ambisjoner om å prøve å reparere den, men har etter hvert innsett at jeg ikke har den kunnskapen som skal til. Det er en stor sprekk i en av bordgangene som går i store deler av båtens lengde. Dette bordet må antagelig skiftes. Det er dessuten ganske store åpninger i begge ender. Et par bordganger har løsnet fra kjølsvinet (på begge sider) framme og bak. I tillegg er det noe råteskader i ripa. Jeg har ellers ikke registrert råteskader i skroget for øvrig.

Hvordan båten har havnet her i Lesja har jeg ingen informasjon om. Den lå igjen etter en tidligere rådmann i kommunen som nå ikke bor her lenger. Han er ikke identisk med det eiernavnet som står på skiltet i båten.

Tillegg:
Jørn Moe har kommet med følgende informasjon:
Båten ble bygd på gården Sandnes ved Ømmervatnet et par-tre mil nord for Mosjøen.

Ottar Stordal bygde ikke så veldig mange båter. Det var mer en bigeskjeft/hobby, og utover den robåten de selv hadde på gården kan det ikke ha vært mer enn 5-6 båter han bygde. Han jobbet som skogsarbeider og veiarbeider i tillegg til å drive et småbruk.

Han hadde også en bror som bygde båter. Denne broren drev en gård som ligger ca. 5 km lengre nord. Det var denne broren som bygde den båten som vår familie har på hytta vår ved Ømmervatnet. Også han hadde dette som bigeskjeft/hobby. Ottar hjelp meg en gang på 80 tallet å reparere ripa på denne båten.

Jeg tror følgende bilde er av en av båtene som Ottar Stordal bygde:
http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Fil:Nordlandsbaatar_i_Vefsna.jpg
(Publisert:15.08.2012).

 

Røsdalsmordet
Etter det ein veit var det i mars 1670 (Svare skriv 1730) denne ugjerninga bar til. Røsdalen er ein einbølt fjellgard. Den gongen dette bar til var det eit hovudbruk og eit husmannssete. På hovudbruket var det unge folk. Dei hadde nett fått første barnet sitt, det låg i vogga. Og så hadde dei ein gjetar-glunt. Andre folk var det ikkje på garden.

Husmannen og kona hans var litt oppi åra. Dei var barnlause. Husmannsfolket la seg ut med oppsetaren. Det vart til uvenskap og hat. Og då det hadde gått ei tid, fall den tanken dei inn at dei skulle rydja oppsetar-folket av vegen, så dei sjølve kunne koma til arden. Dei skulle få det så mykje betre då, trudde dei. Og så klekte ei ut mordplanane sine. Dei ville koma dått på husbondsfolket om natta og drepa dei, og så ville dei setja elden på husa så det kunne sjå ut til eldsvåde.

Dei valde ei mørk vinternatt til ugjerninga. Husmannen hadde væpna seg med ei øks, men det er ikkje sagt noko om kva kona hadde til handøvle. Men det seier alle, at det var kona som stegla mannen opp og fekk sett udåden i verk. Dei kom seg inn i stua og gauv på husbondsfolket med hogg og slag før dei vakna og fekk sett seg til motverje. Det gjekk snøgt å få livet av dei.

Husmannen vende seg så mot vogga og skulle gjera det av med barnet. Det hadde vakna av ståket og låg og smilte mot mannen då han skulle slå til det med øksa. Det stakk han i hjarta, og øksa datt itur hendene hans. Han stokk attende for ugjerninga han var i fard med å gjera. Kona kom og såg kor redsla og angeren heldt på å taka modet ifrå han. Men ho var illsint og hard nok, ho skolv ikkje på handa. Ho skuva mannen tilsides, greip barnet i føtene og daska det med hovudet mot veggen. No var det berre gjetar-glunten att. Han låg på stu-loftet. Han hadde og vakna av ståket i stua, og han skjøna straks kva det var som gjekk føre seg. Han gav seg ikkje tid til å kle på seg. I berre skjorta han låg i hoppa han ut gjenom loftsglaset og la på spronget ned gjenom Røsdalen. Den garden som ligg mest næmunt til, er Gamarka. Dit er det omlag fire kilometer.

Husmannen såg glunten med det same han hoppa ut, og sprang etter og skulle ta han. Men glunten fekk føremon, og husmannen greip i farten ein sle’-meie og kasta etter han. Han ville gi han eit råmhogg så han vart ufør å fly. Men han råka ikkje. Og no vart det ei kappspringing ned-gjenom Røsdalen, glunten føre, berrføtt og naken, og husmannen etter.

Husmannen stelt kje standa kar med glunten, han vart lenger og lenger etter. Nedst i Røsdala var det mølnhus, og då glunten nådde dit, var han så avtevla at han greidde ikkje meir. Møln-trørne var gjorde av heilo, av uthola stokkar. Dei var overdekte med snø og is, men opne inni. Glunten hadde då så stor føremon at han såg ikkje husmannen, og i all hast smaug han ned i troa, inn punn isen. Men husmannen var ikkje langt etter. Glunten hadde ikkje før fått gøymt seg, så var han der. Han gav seg til å leita og løska alle stader både inne i mølnhusa og ute. Han hadde ein piggstav i handa han stakk med. Og han for ikkje stilt.

– E sir de nok, kom bære fram! sa han. Og så stakk han etter skuggane inn punn mølnhusa med piggstaven. Slik heldt han på ei stund og leita og ringrydde, men då alt dette var fåfengt, trudde han glunten var sprungen åt Gamarkj’en i eit tan. Og så tok han faltlinga for seg lenger ned-i-gjenom dalen. Han ville sjå om det ikkje enno skulle vera råd å nå att glunten.

Da glunten skjøna husmannen var faren sin kos, kraup han fram tur gøymsla si, og tok ein snåpanveg han visste om. Og så rapp var han på foten at han kom til gards før husmannen.
Kona i Gamarkj’en var åleine heime. Ho var oppe i otta og dreiv og stelte med eitkvart attmed gruva då glunten kom hesblesande inn-i-gjenom døra. Han fekk i ein fart fortalt kona korleis det hang saman, og bad henne om hjelp til å få gøymt seg så ikkje husmannen fann han. Kona var snartenkt, sette seg på ein krakk attned gruva og bad glunten krypa inn punn den vide stakkjen hennes.

Han var berre så vidt komen seg i skjul på denne litt uvanlege måten, så kom husmannen i Røsdala stormande inn gjenom døra. Andpusten og forkava gav han seg til å fortelja om kva stor ulykke som hadde bore til i Røsdala. Det hadde teke elden i husa, og husbondsfolket hadde brunne inne. Den einaste han trudde kom seg ut, var gjetarglunten. Og han ville no vita om ikkje han var komen ditet.

Kona svara at ho hadde ikkje set noko til glunten. Og då husmannen såg ut til å tvila litt på dette, bad ho han sjølv sjå etter. Husmannen leita då huset rundt, og då han ikkje fann glunten, gav han opp.

Gamark-kona la merke til at husmannen var blodåt på kleda, og la det med han.
– Dæ va bære e så slaktæ ein kalv i går, svara husmannen, og så tok han på heimvegen.
Husmannskona hadde gjort som dei var omsnakka, ho hadde sett elden på husa medan mannen var borte. Det var no berre glohaugen att.

At gjetar-glunten berga seg, gjorde at denne fæle ugjerninga rart oppklåra straks. Husmannsfolket vart sette i arrest, og sidan dømde til å lata livet med halshogging.

Husmannen tilstod udåden, men kjeringa hans blånekta til det iste. Dei brende brystvortene av henne med gloande jarn for å få ho til å tilstå, men ho heldt seg hard og nekta. Ein gong bad ho om å få tala med mann sin. Det fekk ho lov til. Ho bøygde seg bort åt mannen og lest som ho ville kviskra han eitkvart i øyra. Men i staden glekste ho etter øyra og ville bita han. Ho ville hemna seg på han fordi han hadde tilstade ugjerninga.

Og nett føre avrettinga bad ho om, det var hennes siste ønske, at ho måtte få kyssa gjetarglunten. Men det kunne lett gått gale. Då glunten kom så nær at ho nådde i han, hekste ho etter nasen hans.
Så hardt sat sinnet og hemnhugen i ho!

Protokollen om rettargangen mot Røsdals-mordarane må vera bortkomen. Det er likt til at han ikkje er å finna i arkiva. Vi har derfor ikkje anna å halda oss til enn fråsegnene som har levt på folketunga. Men når det gjeld dette mordet, er det lite vingling i tradisjonen. På eit punkt er det litt tvil. Some seier det var til Honggarden gjetar-glunten kom, ikkje til Gamarka.

Det går elles segn om at Røsdalsmordarane hadde gjort seg skuldige i andre brotverk og. Dei hadde gjort innbrot og stole mange stader, og tjuvgodset hadde dei gøymt i ei ord i Øyfjellet. Men det er så mange segner om tjuvar og røvarar som har gøymt tjuv-godset sitt i Øyfjellet, at det kan så lett vera ei forveksling.

At det vart mykje spøyk på Baustein, kan ingen undrast på. Og det var nok vanleg at folk let vera å fara vegen over Baustein etter det hadde avdagast.

Tillegg:
Hans Midbøe: Petter Dass (1947)
I året 1670, like etter at Petter Dass var kommet hjem fra København, skjedde der et uhyggelig drap inne i Røsdal i Vefsn. Ifølge sagnet overfalt en del av beboerne sine naboer en vinternatt og drepte dem alle, til og med spebarnet som en av kvinnene skal ha tatt ved benene og slengt i veggen; bare gjetergutten kom seg unna ved å springe ut gjennom en loftsglugge og gjemme seg, inntil han neste morgen kunne få tilkalt hjelp; de skyldige ble da henrettet på Baustein. At dette drapet har gjort inntrykk på Petter Dass, viser en gammel diktfortegnelse, som også kan fortelle at han i året 1670 diktet en vise om

“det Mord, som skede i Vefsn”.

Hvorledes dette dikt har sett ut, er det ingen som vet, men det er vel sannsynlig at det har hatt enkelte fellestrekk med den senere visen om Iver Skonseng.
[12.05.04 ]

 

Mordet på Straum
av Reidar Svare i Far etter Fedrane

Knut Andersson heite ein mann på Straum i Drevjen. Han byksla ein gardpart Jørgen Sverdrup på Nord-Herøy åtte. Knut kom seg til denne garden på den måten at han gifta seg med enkja etter førre brukaren. Enkja var noko opp i åra og hadde ei vakse dotter då ho gifta seg oppatt. Dotra heite Marit Jonsdotter (Jonsde). Ho var trulova med ein Arn Pedersson.

Men han Knut Andersson fekk slik mon i tausa, og ville forføra ho. Marit stod imot og avviste han, og for det vart han styrlaus av sinne og svartsykje. Det var i slåttonna somaren 1718. Dei var ute og køyrde høy, og no nytta han høvet og stakk ho i hel med tolkniven.

Ugjerninga hans kom snart for ein dag, og lensmannen kom og la han i jarn og førde han til arresten på Rynes. Der sat han til det vart sett rett over han den 29. november 1719.

På spørsmål i retten om korleis han kunne få seg til å gjera noko så ukristeleg, svara han, at det var satan som hadde freista han. Grunnen til ugjerninga var, sa han, at dei hadde sett ut det ordet om han at han hadde levt i synd og utukt med stukdotra si. Men det visste han var klinke klåre løgna; og anna med det, så var Marit trulova med ein annan. I harmen over folksnakket var det at den fæle tanken slo ned i han at han skulle drepa tausa.

Men etter han Arn Pedersson, kjæresten hennes Marit, hadde bore fram sitt vitneprov, vedgjekk han Knut rette grunnen til mordet. Når ikkje han sjølv kunne få ho, så skulle ho heller ikkje bli kona til nokon annan. Derfor sette han seg føre å drepa henne. Han undskylda seg elles med at hans eiga kone var så gamel og avfeldig.

Aktor i saka var ein Jens Jensen, og lensmann Jørgen Nilsson Agersborg var forsvarar. Saka var grei, og det tok ikkje retten lang tid å få avsagt domen:

Efter Delinqventens egen Tilstaaelse, befindes han at have begaaet forsetlig Mord paa sin Stifdatter, afg. Marith Joensdatter, der af ham ere myrdet ved Knivsting. Til Straf for saadan hans begangne ukristelige Mord kiendes for Ret: At han bør udstaae exemplarisk Straf som saaledes ved Executionen udføres: At hans Høire Haand afhugges ham i levende Live, siden Hovedet. Hovedet og Haanden sættes paa Stager til Erindring, Afskye og Forskrækkelse for ligesindede udædiske Mennesker. Det øvrige af Kroppen begraves paa Retterstedet.”

Lagmannen stadfesta domen, og avrettinga bar til den 21. januar 1720 på Baustein. Jørgen Sverdrup, futen Mathisen, lensmann Agersborg, prosten Anders Dass og mange andre var til stades. Presten Ole Broch trøsta den dødsdømde i hans siste stund. Etter livrettinga vart liket lagt i ei kiste og grave ned i ei myrhole nedanfor Baustein. Prosten og klokkaren song over liket: “Nu lade vi hannem sove i Fred”.
[2. mai 04]

 

Graver i Drevjas historie
Før arbeidet med nyvegen fra Toventunnelen til Holandsvika tok til, ble det gjennomført arkeologiske undersøkelser. Våren 2010 var arkeologer i gang med utgravinger på Myrmoen. Det ble funnet spor etter bosetting som viser at det har bodd folk i Drevjen lenge før Kristus fødsel. Blant annet rester av et langhus. I kartlegginga av feltet på Myrmoen, deltar følgende: Lise Loktu, Rasmus Svensson, Synnøve Viken og Gunn Fossum. Les artikkelen i Helgelendingen om utgravningene

[Publisert: 16.06.2010]

 

Verdens nest eldste ski funnet i Drevja

Verdens nest eldste og Norges eldste ski er rundt 5000 år gammel og er funnet på Holandsvika i Drevja. Drevja-funnet, som det kalles, flytter Norges skihistorie dramatisk bakover i tid.

Drevjaskiene er dobbelt så gamle som Øvrebø-skia fra Vest-Agder, som lenge har vært regnet som Norges eldste.

Det var Johan Kleivhaug som fant skia. Les mer på NRK Nordland, Lokalmagasinet,

 

Gullfunnet på Skaland
Det var først i åtti-åra, truleg i 1881-82. Jakob Nilsso på Staulan hadde ein svenske til dreng, Johan Olsson heitte han. Det var i våronna, og drengen dreiv og harva. Det var på ein åker tett nordom garden, Lundreko, dei kallar. Best det var, fekk han sjå at det sat fast ein metallring på ein av harvtindane. Han tok ringen, og straks etter fann han ein til. Han tok ringen, og straks etter fann han ein til. Det var attmed ei steinrue, dei hadde brote opp.

Johan Olsson hadde ingen tanke om at det var gull i desse ringane. Han tok dei med heim og let ungane få dei og trøya seg med.

Det lei ei tid. Så ein dag kom det ein annan svenske til Staulan. Det var Johan Nystrøm. Han hadde greie på metall, han såg med ein gong at det var gull i ringane ungane trilla med på golvet. Dei var då ikkje seine med å ta ringane og dra til Mosjøen. Dei fekk med seg ein tridje svenske, Johan Trolle, og gjekk til gullsmed Anders Abrahamsen og selde gullet. Dei fekk fire hundre kroner. Det var flust til ein fin fest.

Det var betalingsringar Johan Olsson fann. Dei veg 339,7 g, og skriv seg frå folkevandringstida, ca. år fem hundre e. Kr. Ringane er no i oldsaksamlinga.
Kilde: Vefsn Bygdebok, særbind II.
Tillegg:  I 1875-tellinga er Jakob Mathias Nilssen, gårdbruker på Skaland. Jakob Mathias Nilssen Gaardbruger, Leilænding og Fisker 1846 Vefsn

 

4000 år gammel pilspiss
Johan Kleivhaug, som i 1959 fant Norges eldste ski utenfor stuedøra si i Holandsvika, fant i 1975 en ca 4000 år gammel pilspiss. Den fant han på Kleivhaugen der han vokste opp, et stykke lenger utover i Vefsnfjorden, mot Leirfjord.

 

Rågjerd – frå Drevjen
Det går mange segner om et kvinnfolk fra Drevja som vart kalla Rågjerd. Henry Almås husker godt sagnet om Rågjerd, ho skulle være ei av 5 som overlevde svartedauden i Drevjen.
Ho bodde på Drevland, ei av de største og beste kornjordene i Vefsn, ho eide alle gårdene fra Utnes til og med Brattlia, andre sier fra Utnes til Buktelva i Ranskiftet (like sør for Drevassbukta). Rågjerd hadde seter på Krokenhaugen i Øvre Drevja. (Nå Solbakken like ved Brattlia i Drevja).

Om Rågjerd sies det at ho var et drivandes kvinnfolk. Ho rodde lofotfiske i lag med drengene sine, og gikk kledd i skinnstakk slik som de. Ho var også med å sette opp storbåten, og så etter at alt var skikkelig gjort. Da Rågjerd dro til Lofoten eller var i båten, brukte ho et bukkehorn da ho skulle gjøre sitt fornødne.

I følge Norsk Personnamnleksikon, kommer første del av navnet Rågjerd av råd/hjelp, mens siste del kommer av gjerde eller vern. Navnet stammer fra Sverige og ble tatt i bruk i Norge rundt 1300-tallet. Noen mener ho har fått dette navnet som et utnavn, fordi ho alltid visste råd.

I et notat av lærerinna Marie Vatshaug Marken (1868-1951), står det om Rågjerd: Den eldste fråsegna vi har her i Vefsn, er at etter Svartedauden rauk det bare i tre murar innenfor Korsneset, den eine staden var Utnes. Der bodde det ein gong ei kvinne dei kalte Rågjerd. Navnet fekk ho for det at ho eigna til seg alt ho berre kunne.

Tradisjonen om Rågjerd er notert av Ivar Aasen i 1846: Sortedøden borttog saa meget folk i Vefsen, at det var kun tre rygende Mure indenfor Korsnes. I den tid boede det i Drevjen en Kvinde som man kalte Raagjær. Hun benyttet leiligheten, da saa meget folk falt bort, saa at hun underlagde seg Landet i en Miils vidde, men længere kunne hun ikke komme.
Segnet om Rågjerd har vært fortalt helt opp til våre dager. Ennå fins et de som sier – e’ mein du e’ mæst så ho Rågjerd, når de syns noen er særs om seg eller spesielt dyktig.

Kilde: Spor etter mødrene v/Rønnaug Tuven og Henry Almås

 

Sommeren 1930
I året 1930 var det en særlig varm og tørr sommer på Helgeland. I følge dagboka til Jørgen Nyheim fra Drevvatn, hadde juli 24 dager med godt vær, enestående godt høyvær hele tiden. 5. august skrev han: “I Drevvatn kjører man kornet direkte fra skuren og til treskeverket. På 3. uke har det ikke falt en dråpe regn. Vannmangel gjør seg gjeldende over alt. Marka og skogen er delvis avsvidd”.

Den 19. juli samme år skrev han: “I denne uken har det pågått stikking av vei Drevja – Sagbakk. Veien er stukket fra Strømsmyra i Drevja oppover på venstre side av Drevjeelva. Det er meningen at det skal bli den vordende riksvei. Den er stukket både på Drevvasssiden og på Dyrhaugsiden. (Denne veiparsellen ble for øvrig stukket opp allerede i 1916, men forbindelsen Drevja til Drevvatnet ble ikke fullført før sist på 1950-tallet).
Kilde: Klenkar’n v/Tore Drevvatne, [12.07.2007].

 

Drevvatne kvinneforening
Drevvatne kvinneforening ble startet i 1884. Det finnes ikke noe som er nedskrevet fra denne tida, men etter det som er fortalt av ei som kom med senere (hun var 13 år i 1884), var det en lærer her i bygda som tok initiativet til at foreninga kom i gang.

Olava Larsdatter fra Jogarden, var den første formannen i foreninga. Det var kun 5 kvinner som var med fra starten, de fire andre som var med var fra nabogardene til Jogarden.
Etter hvert kom flere med, fra Dyrhaugen og gardene rundt omkring i bygda, så man kan vel si at det var deltakere fra de fleste gardene i bygda. Det var unge og eldre, barna fikk også komme på møtene.

Det ble holdt kvinnemøte hver første mandag i måneden. Ei stund hadde foreninga også møter i sommermånedene, de ble holdt på søndag.

Kvinnene skiftet på å ta i mot foreningene i sine hjem, slik har det vært hele tiden. Foreninga er tilslutta Det Norske Misjonsselskap. For å få inn penger ble det tatt opp offer på møtene.

Foreninga hadde før i tida som regel en misjonsfest hvert år. Den var enten om sommeren eller om høsten. Misjonsfestene ble den gang holdt på gårdene i bygda, der man hadde store nok hus til det, for det var som regel mye folk som kom på festene.

Da hadde man en taler, som regel en emissær, det hendte vel også at sognepresten kom og holdt tale. Så ble det loddet ut en del gjenstander, ting som var gitt av folk i bygda. Det var gjerne slike ting de selv hadde arbeidet. Ja det hendte vel at noen ga et lam og kanskje ei høne. Egg og ull var også blant gjenstandene som ble gitt.

Det var også salg av kaffe, sjokolade og mat. Det kom inn en god del penger på disse festene.

Etter at avholdslokalet ble bygd, ble alle festlige tilstelninger som foreninga hadde, holdt der.

Foreninga var også i virksomhet under krigen, men i mindre målestokk på grunn av forholdene. I 1945 ble det holdt et stort misjonsstevne her, da var det mange tilreisende fra andre bygder som kom. Stevnet varte i to dager, og ble holdt her på avholdshuset. Bygdefolket tok gjestfritt imot overnattingsgjester. Så det hele fungerte godt. Fru Martha Isol var formann da, Erling Sand var leder.

Av formenn har det vært mange, og de fleste er ikke blant oss lenger. Av de som gjennom årenes løp har vært formenn, er det bare tre stk. som lever i dag. Det er Petra Mikalsen, Alvhilde Morisbak og Jenny Drevvatne. Nåværende formann er Gudrun Drevvatne.

Av Gudrun Moen
[02.11.2006]

 

Bilde med historisk sus
Bildet er fra begravelsen til Lina Nilsskog, g. Båtstrand. Lina døde ganske ung. Lina var datter av Anna og Daniel Nilsskog, og søster til de kjente trekunstnerne; Andreas og Einar.

[07.04.2007]

Fra venstre 2. rekke: Johan Nilsskog, Hjeronimus Almås, Andreas Lamo, Daniel Nilsskog, Nekolai Arntsen, Mekal Strøm, Edvard Kummernes, Nils Båtstrand, Johan Bentsen, Jørgen Båtstrand,
Fra venstre 1. rekke: Petrine Perjord, Anna Nilsskog, Anna Kummernes, Ingeborg Båtstrand, Anna Almås, Marit Båtstrand, Maren Båtstrand, Nelle Båtstrand.
[07.04.2007]

 

Fløyting i Komra

Fløyting i Komra ble drevet blant annet i 1929 ved ei Skogdrift i Perjord-Lia. Med på drifta var var Sigvald Blåfjell, Erling Blåfjell, Ole Nordmo og Ottar Nordmo. De kjørte fram til Komra med hest, deretter var det fløyting til Drevjeelva og videre til fjorden. Fra utløpet av Drevjeelva ble tømmeret slept med båt til Nes Trelastbruk på Halsøy.

Det er usikkert når dette bildet ble tatt, Blåfjellet hadde jo sag i Blåfjellforsen i Komra så bildet kan være tatt i forbindelse med fløyting til den saga. [30.05.04]

Fløyting i Komro: Kristoffer Jørgensen Østerpart (til venstre) og Erling Blåfjell.

 

 

Røverne på Tveråsen
Det var seint på høsten og lite snø, det var bare opp i høyden det var skikkelig skiføre. Noen oppdaget at det rauk oppe i Tveråsen opp under Blåfjellet. Folket i bygda spekulerte fælt på hva det kunne være. Noen hadde lest “Ukens Nytt”. Her sto det om noen røvere som hadde rømt fra Kretsfengslet i Trondheim. Det ble snart slått fast at det var røverne som var kommet til Tveråsen.

Det ble organisert en heil gjeng fra bygda som skulle oppover å ta røverne. Johan Åsmo hadde vært i militæret, han var korporal, han ble valgt til sjef. Noen hadde gevær, andre hadde høygaffel eller en staur. Ole Nordmo bodde ennå på Kalkremmen, han hadde gevær. Det gikk fort til å begynne med. Etter hvert mente Ole at han kjente lukta av kjøttkoking, han mente de skulle trekke seg tilbake.

Noen mente at de måtte dra heim, men ungdommene ville ikke snu, de ville se hvordan de såg ut, røverne. Da alle som hadde familie hadde trukket seg tilbake var det bare Larem-Krestjan og et par andre ungdommer tilbake. De snek seg mot bålet, nærmere og nærmere ålte de seg inn på “røverne”. Til slutt fikk de se at det kom røyk fra en stuv (stubbe), skuffelsen var stor, ingen røvere var å se.

I ettertid viste det seg at Henrik Blåfjell hadde fulgt etter en mår, og for å røyke ut måren fyra han på stuven. Det var god pris på mårskinnet på den tida, og det var en intens jakt på måren.
Stuven brann i fleire dager, det var dette som fikk folk i bygda til å tro at det var leirbålet til de rømte røverne.

Kilde: Henry Almås som har fått historien muntlig overlevert fra Kristian Larem. Kristian var født den 11. juli 1892, han var 17 år da dette skjedde, det betyr at historien er fra 1909.
[Publisert: 07.11.2006]

 

Skytterlaget FRAM
År 1893 den 10. september, møttes interesserte innvånere av Øvre Drevja på Nilsskog, til samtale om opprettelse av et skytterlag for kretsen. Etter at lærer M. Bjørnåli hadde redegjort for skytterlagenes betydning og skytterlagenes organisering, ble man enige om å danne et lag. Det tegnet seg 31 medlemmer.

Man ble enig om å bruke landsstyrets forslag til lover, dog med den forandring at årskontingenten settes til 30 øre.
Foretakets valg:
Gårdbruker A. Rognrygg, 28 stemmer
Lærer M. Bjørnåli, med 28 stemmer
O. Granmo, med 21 stemmer
A. H. Blåfjelddal hver med 14 stemmer.

Til varamann ble de 5 som dernest hadde flest stemmer, valgt.
1 Nils Bratli
2 Ole Kummermo
3 Einar Kummermo
4 Johan Båtstrand
5 Jakob Kummermo
Den siste etter loddtrekning med Albert Nilsskog og Kr. Rognryg.

Til revisor. Ved akklamasjon valgtes Aleksander Blåfjelddal og Per Blåfjelddal.

Sak 4 Behandledes banespørsmålet. Foreløpig skytebane er på Nilsskog, fra Nilsskogremma med retning mot Kummerfjellet – på Jens Sevaldsens grunn.

Sak 5 Valg av formann og nestformann.
Til formann valgtes M. Bjørnåli med 4 stemmer, og til nestformann Kr. Rognryg med 2 stemmer etter loddtrekning med O. Granmo.

Sak 6 Spørsmålet om lagets navn. Enstemmig beslutning. Skytterlaget skal hete ”Fram” i Nordlands skyttersamlag.

Møtet hevet.
Mikal Bjørnåli Anders Hansen Ole O. Granmo Anders Rognryg H. Eriksen Almaas

Etter forutgående varsel avholdtes fellesmøte for Fram på Blåfjelddal den 20. oktober 1893. Til behandling forelå:
Skrivelse fra samlaget angående bestillinger på Krag-Jørgensen 6/5 mm gevær.

Enstemmig beslutning:
Laget inngår på at dekke forskuddet kr 10,00 for de bestillinger som ikke ledsaget av forskudd, likeså innestår laget for vedkommende bestillere betaler de bestilte geværene.

På stedets opptas følgende bestillinger:
1. Mikal Bjørnåli – 1 gevær.
2. Jørgen Blåfjelddal – 1 gevær
3. Johan Nilsskog – 1 gevær
4. Albert Nilsskog – 1 gevær
5. Ole Drevatsbugt – 1 gevær
6. Anders Rognryg – 1 gevær

Totalt opptas bestilling på 6 gevær. Av disse bestillere har Mikal Bjørnåli og Jørgen Blåfjelddal betalt forskudd på kr 10,00 pr gevær, det betales samlaget ved bestillingen.

Forslag om å anskaffe flagg til laget.
Enstemmig beslutning:
Formannen bemyndiges til å kjøpe inn norsk flagg.

Møtet hevet.
Mikal Bjørnåli, Anders Rognryg, Anders Hansen, Hjeronimus Eriksen (Almås)

Den 8. november 1893 avholdtes møte i skytterlagets styre i Blåfjelddal. Til stede var alle i styret unntatt Ole Granmo og Hj. Almås. I deres sted innkaltes varamennene Einar Kummermo og Ole Kummermo.

Til behandling forelå: Avgivelse av årsberetning for skytterlagets virksomhet i 1893.
Årsberetning ble avgitt og vedtatt.

Møtet hevet.
Mikal Bjørnåli, Anders Rognryg, Anders Hansen, Einar Nilsen Kummermo og Ole Kummermo

[Publisert: 06.12.2012]

 

Gravskikker i Drevja
av Henry Almås

Ved død og begravelsar i tidlegare tider måtte alt ordnast i heimen. På nokre gardar kunne dei ha likkiste ståande ferdig, men dei fleste hadde materialar til kiste. I gammal tid var nærmaste gravplass på Dolstad. Gravplassen på Almåsen blei først innvigd i 1867. Når nokon døde, måtte dødsfallet meldast til presten. Han var en myndig person og naut stor respekt. Det vart då gjerne slik at det var noen få som hadde det nødvendige motet til å gå til presten når dødsfall, barnedåp og liknande skulle meldes til presten. Ein slik ein var Ole Andersen på Almås.

Bildet viser gravferda til Nils Arntsen i 1929. Det var vanleg at både slekt, vener og grannar var med i gravferda. Etterpå bar det heim til middag, til vanleg kjøtkaker og sviskegraut.

Han var bjørnejeger og skal ha skote ca. 20 bjørnar. Når det skulle meldes om dødsfall i nabolaget, var det han som måtte i veg. Det vart fortalt at når han kom så langt at han såg fjøsen på Dolstad, tok han av seg huva og stakk ho inn i kuftebarmen. Kommen på trappa hos presten var det mykje trøing og finpussing av nasen før han endeleg tok mot til seg og banka på. Eit uunngåeleg spørsmål frå presten var dødsårsaka. Dette kunne vera vanskeleg nok å svare på. Det var lang veg til doktor, og i mange tilfelle var kanskje ikkje han heller sikker på kva som feila. Men han Ola hadde eit standardsvar i slike tilfelle: «E meine dæ va bette bære dauen.»

Som regel var det bygdesnekkarar som laga kister. Dei kom på garden, og det var eit drygt dagsverk å laga ei kiste. Nesten alle kister vart svartmåla, målinga var sot som var blanda i limvatn. Berre enkelte gonger, dersom det var nokon unge som døde, vart kista måla kvit, og målinga var då kritt blanda i limvatn.

Når nokon døde, vart det straks hengt eit kvitt laken for vindauga i rommet der den døde låg, og liket vart vaska og likkleda vart påkledd. Hendene vart knept, og haka bunden opp før liket stivna. (Det vart lagt på likstrå).

Etter nokre dagar vart liket lagt i kista. Dette vart gjort ein kveld, av husets folk og dei næraste grannene saman med liksongaren. Denne liksongaren hadde omtrent same oppgaver som presten har i dag. Av kjente liksongarar kan nemnast Ol’Olso, Almås og Mikal Jakobsen Strøm. Seinare vart oppgåva som liksongar ofte overtatt av læraren i bygda.

Liksongaren heldt andakt
Når liket vart lagt i kista, heldt liksongaren andakt, og når det var varmt i veret, vart kista sett i eit uthus. Etterpå vart det servert kaffe. Innbyding til begravelsen vart gjort av familien eller ein som vart tinga til dette. Dei som vart bedna, var næraste slekt og grannane i eit bestemt område.

Kvelden før begravelsesdagen, vart kista boren inn og sett på to skamlar i stova. Då kom dei same som var med då liket vart lagt i kista, og også slekt som budde så langt unna at dei måtte overnatta.

Begravelse på Båtstrandmoen. Dei to som står bak kista til høgre er Nils Arntsen og kona Marit.

Liksongaren las or Bibelen og det vart mykje salmesong. Ol’ Olso skal ha vore ein fargerik person, og sjeldan hag i å bannast. Han var ein gong på Hemnesmarknaden på Hemnesberget. Der stod han og selde river, trebøtter og andre trevarer han hadde laga. Då kom det ein mann og ville kjøpe eit par bøtter. No hadde han ikkje pengar på seg, og lurte på om ikkje Ola kunne bere bøttene til eit hus han peika på oppi bakken, så fikk han betalinga når han kom med bøttene. Han Ola var ikkje så sikker på det. «Når e kjem mæ bøttån, e du reist te helvedes, og så får e’kje betalinga.» Nei, mannen trudde ikkje det, han var nok presten i Hemnes, så det skulle nok gå bra. Men då nappa han Ola av seg huva og sa med stor ærefrykt og beven i stemmen: «Å, drag du han fan imot, e dæ præsten!»

Etterpå var det kveldsmat, og då gjekk praten om slekt og anna, så det kunne bli seint før det vart gjort kveld.

Ei gravferd frå øvste gardane i Drevja til Dolstad kunne vera temmeleg strabasiøs. Vinters tid med is på elva og godt sledeføre kunne det gå bra, men det var ikkje alltid det. Sommars tid vart kista med liket køyrt på slede til Båtstrandmoen. Her hadde nokre av gardane naust. Så vart kista ført med båt til Holandssjøen, der dei hadde naust og større båtar. Her hadde dei lofotbåtane. Ved nausta ved Holandssjøen vart det også tid til ei lita kvilestund og ein matbit før dei rodde innover til Dolstad. Det seier seg sjøl at ei slik ferd måtte ta mange timar. Var føret dårleg, hende det at dei måtte dra heimanfrå i 3-4 tida om natta om dei skulle koma til Dolstad i rett tid. Det vart då slik at dei pårørande samla seg i heimen til den avlidne kvelden før dei skulle fara til Dolstad. Dette kalla dei kvelds- eller nattgravels. Dei som var bedne, kom i ½ 9 – 9-tida på begravelsesdagen, og konene hadde med matkorg. Kista sto i den eine sida i stova, på andre sida var det langbord. Og alle måtte til bords og få frukost. Liksongaren var alt på plass. Han bad til bords og song bordverset for kvart bordlag.

Etter at alle hadde fått frukost, var det bibellesing og salmesong til det lei så langt at begravelsesfølget skulle fare til gravplassen. Når kista vart boren ut, måtte ho berast med fotenden føre, og setjast på langvogna eller sleden med fotenden fram. Dette var viktig, ellers kunne den døde gå igjen.

Bildet er frå ein begravelse på Båtstrandmoen. Bak kista ser vi liksongaren Mikal Jakobsen Strøm. Liksongaren var ein viktig person ved begravelsen. Han heldt andakt i heimen og var den som bad til bords. Seinare song han eit salmevers for kvar gard dei for framom på tur til kjerkegården.

Liksongaren gjekk foran kista og song ein salme, og dei var flinke til å fletta inn beskjedar i salmen. Ved eitt tilfelle vart berarane plaga då dei skulle ta kista av skamlane. Songaren såg dette og fletta inn i salmen «Fløtt på skamlam», og song vidare. På vogna framom kista var ein kasse der liksongaren og han som køyrde sat. Mange gonger kunne det vera 8-10 hestar i eit gravfølge, alt etter kor langt unna gravplassen begravelsen var.

Liksongaren song eit salmevers for kvar gard dei for framom der avlidne hadde slekt eller vener. Ol’ Olso var songar i eit nattgravels oppe i bygda. Det hendte at dei brygga øl til begravelsane. Dette hadde kanskje blitt for sterkt, i alle fall fekk dei ikkje Ola vaken då det bar til å fare til Dolstad. Til slutt måtte dei oppgi å få han vaken, og tok i veg utan liksongaren. Då han Ola endeleg vakna var dei komen langt i veg. Han kom seg på hesten og rei etter dei, han hadde ikkje tid å synge for kvar gard, men stoppa på dei høgste haugane og song så det ljoma utover bygda, og då likfylgjet kom til Holandssjøen, var han Ola og der.

Hører du nokon som syng?
Det var ein dag tidleg på vinteren. Guten på 6 år er i lag med bestefaren på Åsen. Bestefar er gravar, og det er begravelse på Stuvland. Dei har stått lenge og venta på gravfølget, og bestefar har spurt guten fleire gonger om han hører nokon som syng? Det er litt snø i lufta og stille. Om natta har det kome litt snø, såpass at det er sledeføre.

Først har dei vore og hogd granbar som dei har hakka sundt og lagt på vegen. Det same har folk gjort på alle gardane følget fer forbi. – No hører eg salmesong, sier guten, og like etter; – Der kjem dei! Det er mange hestar i følget, og liksongaren syng eit salmevers for kvar gard dei fer forbi.

Bestefar tek til å ringja med det same han ser likfølget, og ringjer heilt til alle er komne fram til gravplassen. Når alle er framkomne, blir kista boren til grava og senka ned. Liksyngaren les frå Bibelen og det blir sunge ein salme. Jordfestinga har han ikkje lov til å gjera. Den må presten foreta. Dette skjer i samband med ei preikehelg på Nilsskog i midten av juni, og det var gjerne 4-5 jordfestingar kvart år.

I begravelsesgarden var det mykje å ordne når følget var faren til gravplassen. Likhalmen (halmen i senga etter den døde) skulle brennast. Dersom oska etter halmen hadde danna avtrykk etter ein fot, skulle neste begravelse bli i den leia foten peika. Så skulle middagen vera ferdig til følget kom att frå gravferda. Middagen var kjøtkaker i brun saus med ertestuing og sviskegraut.

 

Arbeidsgjeng på Nilsskog
Arne Kåre Blåfjell har sendt et flott bilde med historisk sus over. Bildet er fra en arbeidsgjeng på Nilsskog.
11 av personene på bildet kjenner han navnet på.

Bak fra venstre: De 5 første er ukjent, deretter kommer Sigmund Lynghaug, Einar Danielsen Nilsskog, de to neste er ukjent, Nils Granås Fagerheim, Ole Nikolaisen Nordmo, Einar Nilsen Kummermo, Nils Jonsen Blaafjeld og Albert Enoksen Skardbakken Molund.

Midterste rekke fra venstre: De to første er ukjent, Mikal Larssen Lynghaug, nr 4 ukjent, Kristoffer Jørgensen Østerpart, Elias Enoksen Stenhaug.

Fremste rekke fra venstre: De tre første er ukjent, Sine Lynghaug, de neste 4 er ukjent, Eva Steinrem, ukjent, Bergitte Johansdatter Nordmo.

Dramatisk arrestasjon på Blåfjell-gård
Personen dette gjelder ble født i 1898 og døde i 1956. Han var i skogsarbeid hos Andreas og Erling Blåfjell på en Blåfjell-gård.

Statspoliti Høyberg og co kom for å arrestere drevjaværingen for produksjon av heimbrent. Betjenten låg på lur mellom et bur og våningshuset på gården, og da drevjaværingen kom fra skogen, heiv betjenten seg over drevjaværingen og la han i bakken.

Betjenten ville låne en kjelke på garden, til å binde arrestanten på. Han ønsket å dra arrestanten på kjelken til Blåfjellbakken (krysset under Drevjamoen, der det var vei.

Andreas Blåfjell ga de ikke lov til dette, Andreas krevde og at drevjaværingen måtte få bytte klær, fordi han var “jønovåt” (gjennomvåt) av snysklette, i tillegg måtte han få i seg mat. Andreas ga de ei skrape for at de gikk sånn fram mot mannen under arrestasjonen. Etter at fangen hadde fått i skiftet og fått i seg mat, ble han leid i en kjetting, iført handjern til Blåfjell-krysset gjennom militærleiren.

Hvor lenge han satt i arrest, kjenner vi ikke til, men her er det kanskje noen som har informasjon de kan komme med?

Arne Kåre Blåfjell
15. mars 2005

 

Beviset forsvant
Statspoliti Høyberg og co hadde vært på en gård og hentet heimbrent på en glassballong i teger. De kjørte med bil til Breimo (Nilsskog), her hadde de matpause. Sjåføren skulle passe på beviset, men han var vel ikke så nøye på det.

Når Statspoliti Høyberg og co kom ut var det bare tegeret igjen, glassballongen med innhold var borte.

Høyberg og co ble da så sint at de kastet tegeret bortover marka. Hvem som tok brennevinet er vi ikke sikre på, det gjekk flere rykter om hvem som skulle ha tatt det. Men i dag spiller det ingen rolle, brennevinet er “oppdrukjen”, personene i historien er døde og apparatet er konfiskert…

Arne Kåre Blåfjell
15. mars 2005

Drevja meieri

Oppsatt 1898 og var i drift året etter. Bøndene på Straum samt Ola Granmo, var initiativtakere til meieriet. Marie Larsen fra Stangvik i Romsdal, var meierske. I 1911 gikk meieriet konkurs. Kristense kjøpte meieribygningen etter konkursen og fortsatte meieridriften. Drevjens Aktiemeieri brant ned natt til 18. mars i 1922.

Bildet viser Kristense Nilsdatter Strøm i meieriet.

 

Fant 4000 år gammel pilspiss
Johan Kleivhaug, som i 1959 fant Norges eldste ski utenfor stuedøra si i Holandsvika, fant i 1975 også en ca 4000 år gammel pilspiss. Den fant han på Kleivhaugen der han vokste opp, et stykke lenger utover i Vefsnfjorden, mot Leirfjord.

Heimebrenning i Drevjen
Arne-Kåre Blåfjell har sendt noen unike bilder fra heimbrentproduksjon i Drevjen for over 70 år siden. Apparatet som ble brukt er det samme som ble brukt da heimbrent ble laget helt lovlig på Vefsn museum i 2002. [27.05.04]

 

Jakob våthatt
Jakobsmesse, Jakobsok eller Jakob Våthatt, den 25. juli, er en kristen merkedag til ære for den hellige apostelen Jakob den eldre. I Drevja sa de at hvis det kom regn denne dagen ville det bli mye regn i slåttonna.
Se: Lokalhistoriewiki

 

Jul-otto
Kilde: Reidar Svare i Far etter Fedrane

I gamle dagar hadde dei noko dei kalla jul-otto. Det var messa, ottesongen, juledagsmorgonen. Denne ottesongen tok til klokka tre. Dei som hadde lang kjerkeveg, måtte vera tidleg ute, skulle dei koma til tidan, kan ein skjøna.

Det er ei segn om ei kjering på Grøftrem som skulle på jul-otto. Denne segna er slik:
Dæ va i kjereng på Grøftremmen i Drevjen så sku på jul-otto i Dolstad-kjerkjen. Ho la se mæ ampen i se at ho mått tile opp. Ho vaknæ ut-på nattæ og trudd ho ha førsøve se. Ljøset ha sløknæ og klokko ha stanæ. Ho fekk klean på se i eit heter og hater og skynnæ se næri-i-gjøno bygdæ og te Dolstad. Folkjet ho ha snakkæ lag mæ ha føre ifrå ho, trudd ho, og ho skynnæ se å sku nå di.
Då ho kom te kjerkjen, va dæ fullt opplyst, og ho gjekk inn og sæt se i stol’n sin. Presten va komen på preikstol’n, og dæ va fullt a folk i all stolan. Men då ho sku sjå tel, va dæ ein framund prest så preikæ, og folkjet va og framundt før ho. Den einastæ ho kjende, va i kjereng så sat i stolæ attmæ ho. Dæ va i kjereng a granngardæ så va doæ før mange år sidan.

Grøftrem-kono vart reint ut-a dæ då ho fekk sjå kve selskap ho va komen i, og vill røys se og gang ut. Men då snakkæ grann-kåno åt ho og sa ho mått bære set i mak. Ho ha kome i i gæl’n førretneng. Dæ va daudengan så ha midnatts-ottæ. Men ho mått bære set ‘n a te di vart ferdi. Men då mått ho skynn se og sjå te å kom se føst ut.

– Men hus på å løys opp heils-spennet du ha i koften denæ! Dæ vart ein heil strid før ho kom se ut. Då ho sku skrev over dørstokkjen, stormæ di ette ho og røskt ho i kofto. Dæ va løkko den at ho ha kneft kofto opp i heilsæ, før di rangæ ho a hinnæ.

Då rett jul-otto tok tel klokko tre, og di kom inn i kjerkjo, fann di kofto. Ho låg sundspjerræ på golvæ inno-før dør’n. Dæ va bære aurmolan att a koft’en. Dete va sist gonnen di heldt jul-ottæ i Dolstad-kjerkjen.
[31.10.2006]